Gå til innhald
En kollasj med stortingsbygningen i midten. over bygningen holder en hånd et forstørrelsesglass. i tre sirkler rundt ser vi Norges lover, bunker med sedler og Sylvi Listhaug i debatt med statsminister Jonas Gahr Støre.
Foto/illustrasjon: Stortinget

Stortingets oppgåver for mellomtrinnet

På Stortinget sit det 169 stortingsrepresentantar. Veit du kva dei jobbar med?
  • 5.–7.
  • Gruppearbeid
  • tekst
  • 90 Min
  • 5.–7.

Lærarrettleiing

Denne undervisningsressursen gir elevane ei forståing av kva slags institusjon Stortinget er, kven som jobbar der, og kva oppgåver Stortinget har.

Undervisningsressursen består av ein tekst om kva Stortinget er, og kven som jobbar der. Deretter følgjer tre sider som tek for seg dei tre viktigaste oppgåvene til Stortinget:

  • vedta lover
  • vedta statsbudsjett
  • kontrollere regjeringa

Nedst på kvar av sidene er det ei oppgåve, og på sida om statsbudsjettet ligg det ein film óg.

Tidsbruk og fag

Denne undervisningsressursen er tematisk knytt opp til samfunnsfag, og han  eignar seg godt som grunnlag viss de skal jobbe med til dømes demokrati og stortingsval. 

Oppgåva om til lovbehandling kan også nyttast til å jobbe med klassemiljø.

Vi tilrår at de set av to skuletimar til heile ressursen.

Gjennomføring

Dere kan anten gå gjennom tekstane i fellesskap, individuelt eller i grupper. Det er inga rekkjefølgje på sidene, men vi tilrår at de går gjennom alle, då dei heng saman. 

Oppgåver knytte til lovbehandling

I oppgåva tilknytta lovbehandling, skal elevane i grupper lage forslag til reglar for klasserommet. Gjennomfør deretter ei avstemming for kva fem hovudreglar som skal gjelde for klassen dykkar.

Elevane blir utfordra på å reflektere over kvifor det er viktig å ha reglar. Gjennom avstemminga får elevane også oppleve korleis er er når fleirtalet bestemmer. 

Oppgåve knytte til statsbudsjettet

Oppgaven kan eigne seg som ei heimelekse. 

Elevane skal setje opp eit budsjett over ting dei har lyst til å kjøpe eller bruke pengar på, og kor mykje kvart enkelt kjøp kostar. Når dei reknar saman alle ønske, må dei kanskje velje bort noko.

Formålet er å vise at ein ikkje alltid har pengar til alt. Det gjeld både for elevar på mellomtrinnet og for Stortinget som skal fordele Noregs felles pengar.

Oppgåve knytte til kontrollfunksjonen

Oppgaven er ein diskusjons- eller refleksjonsoppgåve. Den kan løysast i grupper, i plenum eller individuelt.

Stortingets oppgåver

Stortinget bestemmer mange ting som er viktig for alle oss som bur i Noreg.

Vi seier at Stortinget har tre oppgåver:

  • Stortinget bestemmer kva lover vi har i Noreg
  • Stortinget bestemmer korleis pengane skal fordelast
  • Stortinget kontrollerer at regjeringa gjer det dei skal

Men kva betyr eigentleg det? Det skal vi lære om no!