Gå til innhald
Lovbok med klubbe.
Foto: Stortinget

Stortinget vedtek lovene

Lover er reglar for samfunnet vårt.
  • 5.–7.
  • Tekst
  • Oppgave
  • 5.–7.

Kva er lover?

Lover er reglar som gjeld for alle. Dei fortel om kva vi har lov til å gjere, kva som er forbode, og kva rettar og plikter vi har.

Det er Stortinget som  vedtek lovene i Noreg. Å vedta er det same som å bestemme noko.

Korleis blir ei lov til?

Det tek tid å lage ei lov. Trykk deg gjennom dei ulike stega:

Forslag til ei ny lov

Alle lover startar som eit lovforslag. Regjeringa og stortingsrepresentantane kan foreslå nye lover. 

Lovforslaget blir levert til Stortinget.

1 / 9
Jens Stoltenberg gir to bøker til stortingspresidenten i stortingssalen.
Foto: Stortinget

Oppgåve: Lag klassereglar

Gå saman i grupper:

  • Bli samde i gruppa om minst tre og maks fem reglar de vil foreslå som klassereglar. Skriv reglane ned på lappar. 
  • Presenter reglane de har valt for klassen. Fortel kvifor dykk valde desse. Set lappane opp på ei tavle.

Saman i klassen:

  • Stem over kvart forslag. Kven er for og kven er mot?
  • Kva reglar fekk fleirtal i klassen?
  • Kva kan de gjere for at alle skal følgje klassereglane?

Tilbake til startsida