Gå til innhald
En kvinne og en mann står på hver sin talerstol i stortingssalen.
Sylvi Listhaug (Frp) stiller spørsmål til statsminister Jonas Gahr Støre (A) under munnleg spørjetime.
Foto: Stortinget

Stortinget kontrollerer regjeringa

Ein av Stortingets viktigaste oppgåver er å passe på at regjeringa gjer det Stortinget har bestemt.
  • 5.–7.
  • Tekst
  • 5.–7.

Stortingsrepresentantane stiller ofte spørsmål til regjeringa om kva dei gjer med ulike saker. Dei kan sende spørsmåla skriftleg eller be regjeringa komme til Stortinget for å svare.

Regjeringa er ofte på besøk i Stortinget. Her er statsministeren og finansministeren på veg inn i stortingssalen.

Kva gjer regjeringa?

Når Stortinget har bestemt noko, er det regjeringa sin jobb å gjennomføre det. 

La oss finne på eit døme: Stortinget bestemmer at alle barn skal ha ein ekstra skuletime med kroppsøving i veka.

Då er det regjeringa som skal sørgje for at det skjer. Det må leggjast til rette for dette på skulane. Kanskje trengst det fleire gymsalar og fleire kroppsøvingslærarar?

Statsministeren og kunnskapsministeren sitter rundt et bord sammen med tre elever i et klasserom.
Her er statsministeren og kunnskapsministeren på besøk på ein skule.
Foto: Martin Siewartz Nielsen / Kunnskapsdepartementet

Stortinget følgjer med

Etterpå følgjer stortingsrepresentantane med på kva regjeringa gjer og kontrollerer at det blir slik Stortinget har bestemt.

Kvar onsdag er det spørjetime i stortingssalen. Då kan stortingsrepresentantane stille spørsmål til regjeringa.

Ofte lurer dei på kva regjeringa har tenkt til å gjere med ulike saker. Det kan komme spørsmål om gamle skulebygningar, straumprisar, krig i andre land og mykje anna.

Stortingssalen. To politikere står på hver sin talerstol. Stortingspresidenten sitter i midten under Eidsvold 1814-maleriet.
Spørjetime i Stortinget. Her må utanriksministeren svare på spørsmål frå ein av stortingsrepresentantane.
Foto: Stortinget

Stortinget kan også kalle inn regjeringa til ei høyring. Då undersøkjer dei ei sak nærare for å finne ut kva som har skjedd.

I høyringa stiller stortingsrepresentantane spørsmål, og regjeringa må svare. Slik får Stortinget den informasjonen dei treng.

Medlemmer fra kontroll- og konstitusjonskomiteen under en høring.
Slik kan det sjå ut på ei høyring.
Foto: Stortinget