
Stortinget fordeler pengane
Kva er eit budsjett?
Eit budsjett er ei oversikt over pengane du har, og kva du vil eller må bruke pengane på. Vi kallar dette for inntekter og utgifter.
Kva er inntekter?
Inntekter er pengar du tener eller får. Til dømes vekelønn.
Kva er utgifter?
Utgifter er pengar du bruker. Til dømes på ein brus eller ein ny genser.
Film: Kva er statsbudsjettet?
I denne filmen lærer du om kva statsbudsjettet er.
Kor mykje pengar bruker Noreg?
I 2026 skal staten bruke 2154 milliardar kroner.
Neste år må vi kanskje bruke meir. Regjeringa har foreslått at vi i 2027 må bruke 2286 milliardar kroner.
Kva inntekter har Noreg?
Den største delen av Noregs inntekter er skattar og avgifter.
Trykk på biletet under for å lese om nokon av inntektene Noreg har.

Kva utgifter har Noreg?
I Noreg bruker vi mange pengar på ting vi treng i samfunnet.
Trykk på biletet under for å lese om nokon av utgiftene Noreg har.

Kven bestemmer over statsbudsjettet?
Først kjem regjeringa med eit forslag til statsbudsjett. Så er det Stortinget som bestemmer korleis pengane skal fordelast. Denne hausten jobbar Stortinget med statsbudsjettet for neste år.
Partia på Stortinget har sterke meiningar om korleis pengane skal brukast. Men alle treng ikkje å bli samde, det held med over halvparten.
Slik ser det ut når statsbudsjettet kjem til Stortinget. Sjå video frå årets travlaste dag!
Oppgåve 1: Lag ditt eige budsjett
Førestill deg at du har 500 kroner. Du skal nå lage eit eige budsjett.
Inntekter:
- Her skriv du opp kor mykje pengar du har.
- Skriv opp minst to stader du har fått inntekter frå, til dømes vekelønn.
Utgiftene:
- Her skriv du det du ønskjer å bruke pengar på.
- Så skriv du kor mykje kvar ting kostar.
No skal du prøve å få balanse i budsjettet ditt:
- Inntektene og utgiftene må vere omtrent like.
- Må du velje bort noko av det du har lyst på?
- Kva skjer om du bruker mindre pengar enn du har?
- Kva skjer om du bruker meir pengar enn du har?



