Gå til innhold/innhald
Stortingssalen under et møte, sett ovenfra, fra publikumsgalleriet
Foto: Stortinget

Lær om oppgåvene til Stortinget

På Stortinget jobbar det menneske som tek viktige avgjerder for alle som bur i Noreg. Men kven er dei, og kva gjer dei eigentleg?
  • 5.-7.
  • Gruppearbeid
  • tekst video
  • 90 min
  • 5.-7.

Lærarrettleiing

Denne undervisningsressursen gir elevane ei forståing av kva slags institusjon Stortinget er, kven som jobbar der, og kva oppgåver Stortinget har.

Undervisningsressursen består av ein tekst om kva Stortinget er, og kven som jobbar der. Deretter følgjer tre sider som tek for seg dei tre viktigaste oppgåvene til Stortinget:

  • vedta lover
  • vedta statsbudsjett
  • kontrollere regjeringa

Nedst på kvar av sidene er det ei oppgåve, og på sida om statsbudsjettet ligg det ein film óg.

Tidsbruk og fag

Denne undervisningsressursen er tematisk knytt opp til samfunnsfag, og han  eignar seg godt som grunnlag viss de skal jobbe med til dømes demokrati og stortingsval. 

Oppgåva om til lovbehandling kan også nyttast til å jobbe med klassemiljø.

Vi tilrår at de set av to skuletimar til heile ressursen.

Gjennomføring

Dere kan anten gå gjennom tekstane i fellesskap, individuelt eller i grupper. Det er inga rekkjefølgje på sidene, men vi tilrår at de går gjennom alle, då dei heng saman. 

Oppgåver knytte til lovbehandling

I oppgåva tilknytta lovbehandling, skal elevane i grupper lage forslag til reglar for klasserommet. Gjennomfør deretter ei avstemming for kva fem hovudreglar som skal gjelde for klassen dykkar.

Elevane blir utfordra på å reflektere over kvifor det er viktig å ha reglar. Gjennom avstemminga får elevane også oppleve korleis er er når fleirtalet bestemmer. 

Oppgåve knytte til statsbudsjettet

Oppgaven kan eigne seg som ei heimelekse. 

Elevane skal setje opp eit budsjett over ting dei har lyst til å kjøpe eller bruke pengar på, og kor mykje kvart enkelt kjøp kostar. Når dei reknar saman alle ønske, må dei kanskje velje bort noko.

Formålet er å vise at ein ikkje alltid har pengar til alt. Det gjeld både for elevar på mellomtrinnet og for Stortinget som skal fordele Noregs felles pengar.

Oppgåve knytte til kontrollfunksjonen

Oppgaven er ein diskusjons- eller refleksjonsoppgåve. Den kan løysast i grupper, i plenum eller individuelt.

Stortingsrepresentantar

På Stortinget jobbar det det 169 menneske som blir kalla stortingsrepresentantar.

Dei tek viktige avgjerder for heile Noreg. Å representere betyr å snakke på vegner av andre. Stortingsrepresentantane sit på Stortinget på vegner av alle oss som bur i Noreg.

Stortingsval

Stortingsrepresentantene blir valde av folket i stortingsval. Stortingsvalet går føre seg i valdistrikta i Noreg. Dei som blir valde blir stortingsrepresentantar. 

Under ser du ei oversikt over alle valdistrikta. Nokre er store og nokre er små. Tala på anstall stortingsrepresentantar frå kvart valdistrikt er også ulike. Kva for eit valdistrikt bur du i? Nedanfor ser du ei oversikt over alle valdistrikta. Dei har ulik storleik og ulikt innbygjartal. Difor er også talet på strotingsrepresentantar ulikt.

Infografikk som viser Norges valgdistrikt med antall representanter: Finnmark 5, Troms 6, Nordland 9, Nord-Trøndelag 5, Sør-Trøndelag 10, Møre og Romsdal 8, Sogn og Fjordane 4, Hordaland 16, Rogaland 14, Vest-Agder 6, Aust-Agder 4, Oppland 6, Hedmark 7, Buskerud 8, Telemark 6, Oslo 20, Akershus 19, Vestfold 7, Østfold 9.
Når det er stortingsval, blir landet delt opp i 19 valdistrikt.
Illustrasjon: Stortinget

Stortingsrepresentantane skal sitje på Stortinget i fire år. Alle får kontor på Stortinget og fast plass i stortingssalen.

Stortinget er først og fremst namnet på dei 169 stortingsrepresentantane når dei er samla. Men Stortinget er også namnet på bygningen dei jobbar i.

Kva med statsministeren og regjeringa?

Regjeringa og Stortinget er ikkje det same, og statsministeren jobbar ikkje på Stortinget. Men både statsministeren og resten av regjeringa kjem ofte til Stortinget.

Erna Solberg og Jonas Gahr Støre i spørretimen i Stortinget.
Regjeringa kjem til Stortinget, slik at stortingsrepresentantane kan stille spørsmål til dei. Her ser du Erna Solberg frå Høgre stille spørsmål til statsminister Jonas Gahr Støre frå Arbeidarpartiet.
Foto: Stortinget

No veit du meir om kven som jobbar på Stortinget. Då er du klar for å lære om kva Stortinget jobbar med, og kvifor det er så viktig for Noreg.

Dei tre viktigaste oppgåvene til Stortinget