Lær om Stortingets oppgåver
Kva er Stortinget?
Før vi går i gang med oppgåvene til Stortinget, la oss først gå gjennom kva Stortinget er, og kven som jobbar på Stortinget.
Kva tenkjer du når du høyrer «Stortinget»? Bla deg gjennom bilda under.
Stortingsrepresentantar
Stortingsbygningen ligg midt i Oslo sentrum. Her jobbar det 169 menneske som blir kalla stortingsrepresentantar.
Stortingsrepresentantane blir valde av folket i stortingsval. Dei tek viktige avgjerder for heile Noreg. Å representere betyr å snakke på vegner av andre. Stortingsrepresentantane sit på Stortinget på vegner av alle oss som bur i Noreg.
Stortingsval
Stortingsvalet føregår i valdistrikta i Noreg. Dei som blir valde, blir stortingsrepresentantar.
Stortingsrepresentantane skal sitje på Stortinget i fire år. Alle får kontor på Stortinget og fast plass i stortingssalen.
Stortinget er først og fremst namnet på dei 169 stortingsrepresentantane når dei er samla. Men Stortinget er også namnet på bygningen dei jobbar i.
Kva med statsministeren og regjeringa?
Regjeringa og Stortinget er to forskjellige ting, og statsministeren jobbar ikkje på Stortinget. Men både statsministeren og resten av regjeringa kjem ofte til Stortinget.
Gruppeoppgåve
I denne oppgåva skal de diskutere ti ord som kan knytast til Stortinget. Kva betyr orda, og kva har dei med Stortinget å gjere?
- Demokrati
- Stortinget
- Stortingsval
- Stortingsrepresentant
- Lover
- Statsbudsjett
- Kontrollere
- Politisk parti
- Stemmerett