Gå til innhold/innhald
Et valgavlukke med stemmesedler for partiene fordelt i mindre hyller.
Foto: Sturlason/Oslo kommune

Kort om stortingsval

Kvart fjerde år eit det stortingsval. Då vel vi 169 menneske frå heile Noreg som skal sitje på Stortinget.
  • 5.-7.
  • Tekst
  • 15 min
  • 5.-7.

Demokrati

I Noreg har vi demokrati. Det betyr at det er folket som bestemmer. I eit stortingsval bestemmer folket kven som skal sitje på Stortinget. Dei som sit på Stortinget, kallar vi stortingsrepresentantar. Å representere betyr å seie noko eller å vere til stades på vegner av andre.

Alle norske statsborgarar over 18 år har røysterett og kan røyste ved stortingsval. Om du har bursdag etter valdagen, kan du likevel vere med og røyste.

Valet

I tida før eit stortingsval er det valkamp. Då jobbar dei politiske partia med å fortelje folk om kva saker som er viktige for dei. Dei håpar at flest mogleg vil røyste på partiet.

På valdagen går dei som skal røyste, til eit vallokale i nærleiken av der dei bur. Der går ein inn bak ei gardin og vel lista til det partiet ein vil røyste på. Så legg ein lista i ei valurne. 

Hugs at vi har hemmeleg val i Noreg. Det betyr at ingen har krav på å vite kva parti du har røysta på!

Valdistrikt

Dei som blir valde, kjem frå heile Noreg. På kartet ser du kor mange som blir valde frå ulike område i landet. Desse områda kallar vi «valdistrikt».

Ser du at det er store skilnader mellom tala? Det er fordi det er skilnad på kor mange som bur der.

Eit nytt Storting

Når vallokala stengjer, skal røystene teljast opp for å finne ut kor mange røyster dei ulike partia har fått. Jo fleire røyster, jo fleire stortingsrepresentantar!

Til saman blir 169 stortingsrepresentantar valde. Dei neste fire åra skal desse 169 bestemme korleis Noreg skal styrast. Dette er demokrati – folket bestemmer.

Kva med regjeringa?

Når det nye Stortinget er på plass, er det stortingsrepresentantane si oppgåve å bestemme kva parti som skal lage ei regjering. No er det partia Arbeidarpartiet og Senterpartiet som sit i regjering. Jonas Gahr Støre frå Arbeidarpartiet er statsminister i Noreg.