Gå til innhold/innhald

Kva står i Grunnlova?

Bilde av riksforsamlingssalen på Edisvoll. et rom med hvite vegger, malerier på veggene og to benker på hver side langs veggene.
Foto: Stortinget

Kva står i Grunnlova?

  • Tekst
  • Oppgåve
  • 45 min
  • 5.-7.

Lærerveiledning

I denne teksten kan elevene lese om hva Grunnloven egentlig handler om og hvorfor den er så viktig.

Tidbruk og fag

Denne undervisningsressursen passer godt dersom dere jobber med demokrati.

Den krever at eleven leser teksten i artikkelen. De må også reklektere over og diskutere sprøsmål knyttet til Grunnloven.

Vi anbefaler at dere setter av en skoletime.

Gjennomføring

La elevene lese artikkelen, og se filmen som ligger øverst på siden.

Deretter kan de gå i grupper, eller jobbe individuelt, med refleksjonsspørsmål. 

Last ned Grunnloven

Grunnloven er skrevet i et gammeltdags språk og med skrift som er vanskelig å tyde. La elevene prøve å lese det som står i den. 

Last ned Grunnloven

Grunnlova fortell oss korleis Noreg skal styres og kva for rettar vi alle har. Derfor feirar vi Grunnlova vår kvar 17. mai

Film: Kva skjedde i 1814?

Utklipp av maleri av Christian Fredrik og Carl Johan
play-button

1814 var et spennende år for Norge. I løpet av ett år hadde nordmennene tre ulike kongar og skreiv ei eiga grunnlov

Maleri av forsamlingen på Eidsvoll i 1814.
Foto: Stortinget
Grunnloven oppslått med røde segl.
Foto: Stortinget

Du kjenner kanskje til historia om 1814? Året då nordmennene hadde tre ulike kongar og skreiv ei eiga grunnlov.

Sjølv om dette er meir enn 200 år sidan, er Grunnlova like viktig i dag. I Grunnlova står det at Noreg er eit sjølvstendig land.

Det betyr at vi som bur her, bestemmer over oss sjølv. For oss i dag er det sjølvsagt, men for 200 år sidan var Noreg i union med Sverige. Då hadde vi felles konge (og felles utanrikspolitikk) med Sverige.

Monarki

Grunnlova fortel oss at Noreg er eit monarki. Det betyr at vi har ein konge eller ei dronning som statsoverhovud. Då Grunnlova vart skriven i 1814, hadde kongen mykje makt. Slik er det ikkje lenger.

17. mai-tog på Karl Johans gate i Oslo.
Foto: Stortinget
En hånd legger stemmeseddel i stemmeurne
Foto: Oslo Kommune/Sturlason

I Grunnlova står det at Noreg er eit demokrati.

Noreg er eit folkestyre, og i eit folkestyre er det folket som bestemmer.

Alle dei som har røysterett, er med på å velje 169 personar til Stortinget. Desse kallar vi stortingsrepresentantar, og dei tek avgjerder på vegner av heile folket.

Makta er delt

I Noreg er det Stortinget som bestemmer kva lover vi skal ha. Når ei lov er ferdig, sørgjer regjeringa for at lova blir gjeldande i Noreg. Så er det domstolane si oppgåve å straffe dei som bryt lova. Kva slags straff ein kan få, står òg i lovene som Stortinget lagar.

Vi kallar dette maktfordeling. Det betyr at makta er fordelt på fleire. I Noreg er makta delt mellom Stortinget, regjeringa og domstolane.

Dei har ulike arbeidsoppgåver. Poenget med dette er å sørgje for at ingen får for mykje makt. Det er viktig i eit demokrati.

Stortinget

Lovgjevande makt 

Stortinget bestemmer kva lover vi skal ha i landet. Vi kallar difor Stortinget for den lovgjevande makta.

Regjeringa

Utøvande makt

Jobben til regjeringa er å styre landet.

Jobben til regjeringa er å styre landet. Vi kallar difor regjeringa for den utøvande makta. Å utøve er det same som å gjere eller gjennomføre noko.

Domstolane

Dømmande makt

Domstolar finn du over heile landet. Her jobbar dommarar som leier rettssaker. I rettssakene avgjer dommarane om ein person har brote ei lov eller ikkje.

Vi kallar difor domstolane for den dømmande makta.

Illustrasjon av maktfordelingstrekanten. Stortinget, regjeringen og domstolen i hvert sitt hjørne.
Illustrasjon: Stortinget

Menneskerettar

I Grunnlova står det fleire menneskerettar. Desse gjeld for alle som bur i Noreg. Rettane kan vere ting vi har lov til, eller ting vi skal beskyttast mot. Her er fire døme på menneskerettar i Grunnlova:

Folkemengde på Eidsvolls plass utenfor Stortinget.
Foto: Stortinget
Barn leser i bøker
Foto: Oslo Kommune/Sturlason

Ytringsfridom: Du kan seie, tenkje, skrive og meine det du vil.

Religionsfridom: Du kan sjølv velje om du vil tru på ein gud, og kva gud du vil tru på.

Rett til utdanning: Alle har rett til ei utdanning.

Oppgåve om Grunnlova

Trykk deg gjennom åtte spørsmål om Grunnlova. Gjer deg eigne tankar om kvart spørsmål. Jobb aleine eller i grupper. Lykke til!

En animasjon av maleriet Eidsvold 1814, som viser noen av Eidsvoldsmennene
Illustrasjon: Stortinget
En animasjon av maleriet Eidsvold 1814, som viser noen av Eidsvoldsmennene
Illustrasjon: Stortinget