Gå til innhold/innhald
To hender med maling i ulike farger, med blå himmel i bakgrunnen.
Foto: pexels-mccutcheon

Om demokrati for mellomtrinnet

Sjølv om ordet er gammalt, er demokratiet like viktig i dag. Men kva betyr det eigentleg, og korleis fungerer det i Noreg i dag?
  • 5.-7
  • Tekst
  • 15 min
  • 5.–7.

Lærerveiledning

En kort introduksjon til demokrati.

Tidsbruk og fag

Teksten er relativt kort, og er et godt utgangspunkt for de fleste undervisningsoppleggene du finner på Stortinget undervisning.

Gjennomføring

Elevene kan lese teksten sammen eller hver for seg. 

Relaterte oppgaver

«Demokrati» er gresk og sett saman av orda «demos» og «kratos», som betyr «folk» og «styre». Demokrati betyr altså folkestyre. 

For omtrent 2500 år sidan oppstod demokratiet i Athen i Hellas. Når dei skulle avgjere saker i Athen, møtte alle borgarane opp på ei høgd som heitte Pnyx. Der stemte dei i viktige saker, for eksempel over lovene. 

Maleri av et folkemøte i gamle Hellas. En mann står med hånden i været og taler til folkemengden. Folkemengden består av både menn og kvinner, noen sitter og andre står.
Slik kan det ha set ut då dei røysta over saker på Pnyx for 2500 år sidan.
Maleri: Philipp Folz
Steinruiner i Athen
Slik ser den gamle talerstolen på Pnyx i Athen ut i dag.
Foto: Istock

Direkte demokrati 

Demokratiet i Athen var eit direkte demokrati. Det betyr at alle som hadde stemmerett, kunne stemme i alle saker. 

Du tenkjer kanskje at det vart fullt på Pnyx når alle kom og skulle stemme? Eigentleg var det ganske få som hadde stemmerett i Athen. Var du kvinne, slave eller innflyttar, hadde du ikkje stemmerett. Sett med våre auge, i dag, er ikkje dette særleg demokratisk. 

I dag har alle norske statsborgarar over 18 år stemmerett. Det er nesten 4 millionar menneske. Om vi hadde hatt direkte demokrati, måtte vi ha funne ei løysing på korleis alle desse kunne stemme i alle saker. 

Indirekte demokrati 

Difor er det meir praktisk med indirekte demokrati, som vi har i Noreg i dag. I staden for at alle skal stemme i alle saker, vel vi heller nokre som skal stemme for oss. Desse kallar vi representantar, og dei skal bestemme på vegner av oss andre. 

Stortingspresidenten sitter på et bord midt i stortingssalen. Rundt han sitter stortingsrepresentanter på plassene sine.
Foto: Stortinget

Vi har både stortingsval og kommuneval i Noreg. I stortingsvalet vel vi 169 stortingsrepresentantar som skal sitje på Stortinget og vedta lovene i landet. 

I kommunestyre- og fylkestingsvalet vel vi kven som skal styre kommunen og fylket der vi bur. Dei som blir valde, skal gjere mykje av den same jobben som dei gjorde på Pnyx for lenge sidan.