
Kunst som politikk
Natur, store dyr og ein astronaut
Kunstverket «The Fable of the Wolf, the Polar Bear, the Reindeer and the Cosmonaut» er laga av den polske kunstnaren Goshka Macuga.
Bildet ser ut som eit svart-kvitt fotografi, men er eigentleg ein bildevev. Det er laga av trådar som er vovne saman av maskiner. Goshka Macuga laga bildet digitalt før det vart vove.

Stortinget bestilte kunstverket av Goshka Macuga, men ho valde tema for bildet sjølv. I arbeidet brukte ho bilde frå Noreg, for eksempel av norsk skog, norske byggverk og plakatar frå demonstrasjonar på Eidsvolls plass framfor Stortinget.
Bilda vart sette saman til ein digital fotomontasje. Ein fotomontasje er eit bilde som er sett saman av fleire fotografi.
Eit kunstverk mange får sjå
Kunstverket heng i ein av inngangane på Stortinget. Inn her kjem mange skoleelevar kvar dag. Store vindauge sørgjer for at alle som går forbi, også kan sjå bildet.

Kunstverket er festa på veggen med borrelås. Det er 370 cm høgt og 557 cm breitt og dekkjer ein heil vegg frå golv til tak. Bildet har mange detaljar, og ser du lenge på det, så oppdagar du stadig noko nytt.
Oppgåve: Kva er bodskapen?
Finn fram biletet i Stortingets kunstsamling på nett. Her kan du zoome inn og ut, då ser du detaljane i biletet.
- Sjå godt på biletet og beskriv det med eigne ord. Er det noko i biletet du ikkje veit kva er eller betyr? Beskriv gjerne det òg.
- Kva trur du biletet handlar om? Kva vil kunstnaren fortelje?
- På den eine plakaten står eit sitat av filosofen Arne Næss: «Ulikskapen mellom oss og dyra gir oss ikkje fleire rettar, men fleire forpliktingar.» Kva trur du han meinte med dette?
- Korleis kan vi sjå at Goshka Macuga er inspirert av demonstrasjonar framfor Stortinget?
- Kva trur du elevar som besøkjer Stortinget tenkjer når dei ser biletet?
- Skriv ein faktaboks om biletet. Få med deg kven som er kunstnaren, dateringa, teknikken, materialet og storleiken.

