

Tenk om alle stemde som deg?
I Noreg er stortingsvala ofte jamne. Nokre få stemmer avgjer om dei raudgrøne eller borgarlege partia vinn. Derfor er valkampen dei siste vekene før eit val så viktig. Mange veljarar bestemmer seg i siste liten, og partia slost om desse stemmene.

Samtidig får også partia ein del av dei «same» stemmene år etter år. Kvar i landet du bur, kva alder du har, kjønn og utdanning påverkar kva parti du føretrekkjer.
Til dømes gjer KrF det alltid betre på Sørlandet enn i Nord-Noreg, og dei raudgrøne partia gjer det betre blant kvinner enn menn.
Sånne faste mønster i korleis ulike grupper stemmer, er det mange av. Partia sjølv er veldig klare over desse, og prøver å mobilisere flest mogleg av kjerneveljarane sine før eit val. Ofte i konkurranse med parti dei vanlegvis samarbeider med.
Alder
Hvilke saker er viktigast for deg? Er det dei same som for foreldra dine, trur du? Eller besteforeldra dine?
Kva som er viktigast for oss, forandrar seg gjennom livet. Derfor er det også store forskjellar i kva aldersgrupper partia hentar veljarar frå.
Til dømes gjorde både SV og Frp det langt betre blant yngre veljarar enn eldre ved førre val. Medan SV fekk mange stemmer frå unge kvinner, var det stort sett blant unge menn at Frp gjorde det godt.

Kjønn
Viss berre menn hadde stemmerett, ville ikkje Jonas Gahr Støre vore statsminister. Faktisk ville dei borgarlege partia hatt fleirtal på Stortinget med god margin.
Heilt sidan 1980-talet har dei raudgrøne partia vore meir populære blant kvinner enn menn. Og motsett, dei borgarlege har gjort det betre blant menn. Dette er, med andre ord, eit ganske fast mønster ved norske val.

Landsdel
Kvar i landet bur du? Kva jobbar folk med der? Er det mykje industri? Olje og gass? Landbruk? Fiske? Bor det mange eller få menneske der?
Desse tinga har mykje å seie for kva parti som gjer det bra i den delen av landet du bur i. Mange politiske spørsmål handlar om reglar for bedrifter, til dømes skatt, og folks tilgang på velferdstenester, som skule og sjukehus.
Desse spørsmåla har partia ulike løysingar på, og derfor varierer det kor populære dei er i ulike landsdelar.
Tenk om bare ett valgdistrikt hadde stemmerett?
Trykk på det distriktet du vil utforske.
Utdanning
Visste du at kor lang utdanning du tek kan få mykje å seie for kva parti du stemmer på? For nokre parti er det faktisk enorme forskjellar på kor mange stemmer dei får frå folk med kort og lang utdanning.
Til dømes har nesten alle veljarane til Venstre og MDG lang utdanning, medan Frp har langt fleire veljarar med kort utdanning. Andre parti, til dømes Arbeidarpartiet og KrF, har nokså jamn oppslutning uansett utdanningsnivå.

Innvandring
Nesten 1 million menneske i Noreg har innvandrarbakgrunn. Anten sjølv eller som barn av innvandrarar. Men kvar i verda innvandrarar kjem frå, har ein del å seie for kva parti dei stemmer på. Det har også betydning om ein har innvandra sjølv, eller er fødd i Noreg av innvandrarforeldre.
Dei fleste parti gjer det betre i nokre innvandrargrupper enn i befolkninga elles, og dårlegare i andre.
Illustrasjon: Stortinget
Alder
Gå saman i par eller grupper.
- På kva måtar skil dei yngste veljarane seg frå befolkninga elles? Kva parti gjer det betre og dårlegare i denne aldersgruppa?
- Kva parti gjer det betre og dårlegare blant eldre veljarar?
- Kvifor trur du unge og eldre ofte stemmer ulikt?
- Kan du nemne nokon politiske saker som appellerer meir til unge enn til eldre – og omvende?





