

Stortinget 2025-29
Dei raudgrøne partia har fleirtal på Stortinget. Derfor er Jonas Gahr Støre statsminister. Men for å få gjennomslag for sine politiske ønskjer, må Arbeidarparti-regjeringa forhandle med fire andre parti.
Eit så krevjande utgangspunkt før forhandlingar på Stortinget har ei norsk regjering aldri hatt før. Og som om ikkje det var nok: det er fullt mogleg for opposisjonen å lage fleirtal på Stortinget utan Arbeidarpartiet òg.
Denne presentasjonen gir ei oversikt over valresultatet i 2025 og ulike moglegheiter for fleirtal på Stortinget:
Valresultatet
Resultatet av stortingsvalet avgjer ikkje berre kor store partia på Stortinget blir dei neste fire åra, men også kven som skal sitje i regjering.
I Noreg blir regjeringa danna av det eller dei partia som har støtte frå flest i Stortinget. Det er dette som blir kalla parlamentarisme.

Av Stortingets 169 representantar, kjem 88 frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, Raudt og MDG. For å få fleirtal på Stortinget, trengst minst 85 representantar. Dermed er det raudgrønt fleirtal i perioden 2025-29.

Korleis blir det fleirtal?
Den viktigaste jobben til regjeringa er å foreslå politikk for Stortinget, og gjennomføre den politikken som Stortinget vedtek. Derfor ligg det enormt mykje makt i å sitje i regjering.
Å sitje i regjering, kan samanliknast med å sitje i førarsetet på ein bil. Det er partia i regjering som har hendene på rattet, og foten på gassen og bremsen.
Men kor mykje omsyn regjeringa treng å ta til andre parti, avheng av om det er ei fleirtalsregjering eller mindretalsregjering.
Arbeidarpartiet sit i regjering åleine, og må samarbeide med andre parti. For sjølv om dei er det største partiet i landet, er Arbeidarpartiet langt unna å ha fleirtal i Stortinget.

I dei fleste saker vil Arbeidarpartiet prøve å lage fleirtal saman med dei andre raudgrøne partia. Til saman vil dei då ha 88 representantar, som held til fleirtal.

Men det er ikkje sikkert at dei fem raudgrøne partia vil vere samde om alt. Då må Arbeidarpartiet kanskje forhandle med parti på borgarleg side.
Frp, Høgre, KrF + Senterpartiet = fleirtal
Dei borgarlege partia har også høve til å få fleirtal for politikken sin. Dei må i så fall få med seg minst eitt av dei raudgrøne partia.
Den "lettaste" vegen til fleirtal for dei borgarlege partia, går via Senterpartiet. I ein del saker ligg Senterpartiet nærare dei borgarlege partia enn dei andre raudgrøne partia.

Eit godt døme på dette fekk vi mars 2026 då Frp, Høgre, KrF og Senterpartiet gjekk inn for lågare avgifter på drivstoff.
Eit anna kom då dei same partia gjekk inn for at alle elevar i grunnskular skal få tilbod om skulegudsteneste i kyrkja før jul.
Oppgåver om Stortinget 2025-29
Dei raudgrøne partia har fleirtal på Stortinget, og Arbeidarpartiet sit i regjering. Men samarbeidet mellom regjeringa og Stortinget er krevjande.
- Arbeidarpartiet ønskjer å sitje i regjering åleine, sjølv om dei ikkje har fleirtal i Stortinget. Kva er fordelar og ulemper med det?
- Arbeidarpartiet gjorde eit betre val i 2025 enn i 2021. Likevel har Jonas Gahr Støre ein vanskelegare jobb som statsminister i denne perioden enn i førre. Kvifor?
- Senterpartiet kan spele ei heilt spesiell rolle på Stortinget. På kva måte?
- Korleis er maktforholdet mellom dei borgarlege partia?
- I takketalen sin etter valet sa Støre: "Vi er politiske motstandarar - ikkje fiendar". Kvifor sa han det? Kvifor er det viktig å skilje mellom motstandarar og fiendar i politikken?
- Drøft påstanden: "Det er altfor mange parti på Stortinget!"


