Gå til innhald

Kva skjer når Noreg får ny konge?

Slottstrappa med Slottet i bakgrunn.
Foto: Stortinget

Kva skjer når Noreg får ny konge?

  • Alle
  • Tekst
  • 10 Min
Noreg er eit konstitusjonelt monarki, med ein konge eller dronning som statsoverhovud. Når kongen eller dronninga går bort, overtek den neste i arverekkja trona.
Kong Harald og dronning Sonja forlater Stortinget i en sort bil.
Foto: Stortinget
Kronprins Haakon hilser i det han ankommer Stortinget.
Foto: Stortinget

Kong Harald V døydde den 28. august 2026. Kort tid etter at dødsfallet vart kjent, var plassen utanfor slottet fylt med blomstrar og lys.

Når ein monark går bort, tek den neste i arverekkja over som monark. Dermed vart Haakon VIII konge rett etter sin fars død.

Det er derfor ein seier: «Kongen er død – leve kongen».

Trona går i arv

Kong Haakon VIII overtok trona med ein gong då kong Harald V døydde. Då overtok han også alle oppgåvene kongen har. Det vil seie å vere statsoverhovudet i Noreg og leie møta kongen har med regjeringa kvar fredag. Det er her kongen skriv under på alle lovendringar Stortinget vedtek.

Kong Haakon VIII er den fjerde i rekkja av norske kongar etter 1905. Då Noreg vart eit sjølvstendig land i 1905, og unionen med Sverige vart oppløyst, vart den danske prinsen Carl valt til konge i Noreg. Då han vart norsk konge, endra prins Carl namn til Haakon VII, for å knyte band til den gamle norske kongetradisjonen.

Portrett av Haakon VII
Portrett av Olav V
Portrettbilde av Kong Harald V. Han har på en blå uniform smykket med medaljer.
Kong Haakon VIII
Då han vart norsk konge, tok han det gamle, norske kongenamnet Haakon, og vart Haakon VII.
Foto: Nasjonalbiblioteket

Tidlegare kunne berre menn arve trona. Men i 1990 endra Stortinget Grunnlova slik at også kvinner kan bli statsoverhovud. Det betyr at det eldste barnet til kong Haakon VIII, kronprinsesse Ingrid Alexandra, vil arve trona etter far sin.

Prinsesse Ingrid Alexandra sitter ved et bord og drikker kaffe.
Kronprinsesse Ingrid Alexandra i møte på kontoret til stortingspresidenten i samband med myndigdagen hennar i 2022.
Foto: Stortinget

Då Harald V framleis levde, hadde ho tittelen prinsesse. Då far hennar vart konge, fekk ho tittelen kronprinsesse. Når kong Haakon VIII ein gong døyr, får ho tittelen dronning og blir Noregs regjerande monark.


Arverekkja i Noreg

  1. Kronprinsesse Ingrid Alexandra
  2. Prins Sverre Magnus
  3. Prinsesse Märtha Louise
  4. Maud Angelica Behn
  5. Leah Isadora Behn
  6. Emma Tallulah Behn
Et kors plasseres på kongens stol i stortingssalen.
Foto: Stortinget
Tom stortingssal, en mann gjør klar presidentens pult.
Foto: Stortinget

Når ein monark døyr og ein ny skal overta trona, blir det gjennomført ei rekkje seremoniar og markeringar.

For det første blir det erklært landesorg. Det betyr at mange offisielle arrangement blir avlyste for ein periode, til dømes alle debattar i Stortinget.

Den viktigaste seremonien som følgjer overgangen til ein ny monark, er eiden til kongen for Stortinget og til Grunnlova.

Eidsavlegging til Stortinget

En av de første seremoniene den nye kongen gjennomfører, er å avlegge en ed til Stortinget. Dette er et løfte kongen gir, foran alle stortingsrepresentantene, hvor han forplikter seg til å være lojal til Stortinget og det som bestemmes der.

Kong Harald avlegger sin ed for Stortinget i 1991.
Kong Harald avla eiden sin for Stortinget 21. januar 1991.
Foto: Knut Snare/Aftenposten/NTB

Dette henger sammen med kongens rolle i demokratiet vårt. Offisielt er det kongen som gir en statsminister oppdraget med å danne regjering.

Derfor er det viktig at kongen respekterer resultatet av stortingsvalget, og spør den kandidaten som har mest støtte i Stortinget om å bli statsminister. Kongens lojalitet til et folkevalgt storting er en forutsetning for demokratiet vårt.

Eg lovar og sver å vilje regjere kongeriket Noreg i tråd med dets konstitusjon og lover, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande!

Kongens eid til Stortinget Grunnlova § 9

Kong Haakons ed til Stortinget blir holdt tirsdag 1. september. Dette kommer til å være den mest spesielle dagen på Stortinget siden Kong Haralds ed i januar 1991.

Signing

En annen viktig tradisjon i forbindelse med at ny monark overtar tronen, er signingen. Denne seremonien foregår i kirken, og tradisjonen har vart siden middelalderen. Tidligere har signingen foregått i Nidarosdomen i Trondheim, gjerne noen måneder etter at en ny monark tar over.

Biskopen i Nidaros legger hånda på kong Haralds panne under signingen i 1991.
Kong Harald og Dronning Sonja vart signa i Nidarosdomen 23. juni 1991.
Foto: Bjørn Sigurdsøn/NTB

I Noreg har vi slutta med kroning av ein ny monark. Denne skikken vart rekna som udemokratisk og vart fjerna frå Grunnlova i 1908. Sidan då har det vore opp til den nye kongen sjølv korleis markeringa skal vere.