Gå til innhald

Kongens oppgåver

Kong Haakon og Dronning Sonja ankommer Stortinget.
Foto: Stortinget

Kongens oppgåver

  • 1.-4. 5.-7.
  • fordypning
  • oppgåve
  • 45 Min
  • 1.–4.
  • 5.–7.

Lærerveiledning

En fordypningstekst om kongens oppgaver.

Teksten er primært tenkt som en referansetekst som kan sees i sammenheng med andre temaer knyttet til maktfordeling, Grunnloven og demokrati.

Har du nokon gong vore utanfor slottet, eller kanskje vinka til kongen på 17. mai?

Kva er eit monarki?

I Grunnlova står det at Noreg er eit monarki. Det betyr at vi har ein konge eller ei dronning som statsoverhovud. I dag er det kong Haakon VIII som er konge i Noreg.

Kong Haakon VIII
Foto: Ola Vatn, Det kongelige hoff

Sjølv om kongen er statsoverhovudet, så er det ikkje han som bestemmer i landet. Noreg er nemleg også eit demokrati, og det betyr at folket bestemmer.

Stortingsbygningens fasade på kveldstid.
På Stortinget sit dei som bestemmer i Noreg.
Foto: Stortinget

Kongen representerer Noreg

Ein av dei viktigaste oppgåvene til kongen er å representere Noreg.

Kongen reiser mykje rundt både i Noreg og i verda og tek også imot besøk her heime. Dette gjer han for å halde på vennskap og avtaler mellom Noreg og andre land.

Kronprinsen håndhilser på en kvinne
Her tek Kronprins Haakon imot besøk på slottet.
Foto: Liv Anette Luane, Det kongelige hoff

Kongen opnar Stortinget

I oktober kvart år opnar Kongen eit nytt arbeidsår på Stortinget. Dette kallar vi den høgtidlege opninga av Stortinget.  

Kong Haakon.
Kongen kjem i bil til Stortinget.
Foto: Stortinget
Soldater fra kongens garde marsjerer på gaten.
Denne dagen står det soldatar heile vegen frå slottet til Stortinget
Foto: Stortinget

Kongen skriv under på lovene

Fredagar kjem statsministeren og regjeringa til Slottet. Her har dei eit møte med Kongen, som blir kalla «Kongen i statsråd».

Regjeringa fortel Kongen om dei sakene dei jobbar med. Dei har også med seg lover som Stortinget har vedteke. Både kongen og statsministeren må skrive under på lovene for at lovene skal vere gyldige.

Kongen i statsråd på slottet. Kong Haakon VIII og kronprinsessen sitter ved enden av bordet. Langs langsidene sitter statsministeren og hans regjering.
Foto: Heiko Junge / NTB / pressebilde

Trona går i arv

Kong Haakon er den fjerde i rekkja av norske kongar etter 1905. Far hans var Kong Harald og bestefar hans var kong Olav.

play-button

Kong Haakon VII opnar Stortinget i 1936 og Kong Harald opnar Stortinget i 2023 og 2024. Film: Oslo Byarkiv og Stortinget.

Tidlegare var det berre menn som kunne arve trona, men i 1990 bestemde Stortinget at også kvinner kan arve trona. Det betyr at det eldste barnet til kong Haakon, kronprinsesse Ingrid Alexandra, vil arve trona etter far sin.

Portrettbilde av dronning Maud, kronprins Olav og Kong Haakon VII
Dronning Maud, kronprins Olav og kong Haakon VII.
Foto: Anders Beer Wilse/Nasjonalbiblioteket
Bilde fra slottet. Kong Harald sitter på en stol i midten. Kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra står bak. Alle smiler.
Kong Harald, kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra. Biletet er teke i 2026.
Foto: Ola Vatn / Det kongelige hoff

Oppgåver

Jobb saman med læringspartnaren din.

  1. Veit de om nokon andre land som også har ein konge eller dronning som statsoverhovud?
  2. Veit de om nokon land som har ein president som statsoverhovud?
  3. Kvifor trur de at Kongen ikkje bestemmer i Noreg?
  4. Sjå filmen der Kong Haakon VII opnar Stortinget i 1936 og Kong Harald opnar Stortinget i 2024. Kva forskjellar legg dykk merke til?
Det gule slottet i Oslo med en lilla og hvit blomstereng foran.
Foto: Liv Osmundsen, Det kongelige hoff