Gå til innhald

Kva står i Grunnlova?

Gammelt dokument med gotisk skrift. Ligger oppslått på et bord med rød duk.
Foto: Stortinget

Kva står i Grunnlova?

  • 5.-7.
  • Tekst Oppgåve
  • 5.–7.
Grunnlova fortell oss korleis Noreg skal styres og kva for rettar vi alle har.

Noreg er eit sjølvstendig land

I Grunnlova står det at Noreg er eit sjølvstendig land. Det betyr at vi som bur her, bestemmer over oss sjølv.

Noreg er eit monarki

Grunnlova fortel oss at Noreg er eit monarki. Det betyr at vi har ein konge eller ei dronning som statsoverhovud. Då Grunnlova vart skriven i 1814, hadde kongen mykje makt. Slik er det ikkje lenger.

Kong Harald sitter på en stol. På kongens venstre side står prinsesse Ingrid Alexandra. På kongens høyre side står kronprins Haakon.
Kong Harald, Kronprins Haakon og Prinsesse Ingrid Alexandra.
Foto: Ola Vatn / Det kongelige hoff

Noreg er eit demokrati

I Grunnlova står det at Noreg er eit demokrati. Noreg er eit folkestyre, og i eit folkestyre er det folket som bestemmer.

Alle som har stemmerett er med på å velje 169 kvinner og menn til Stortinget. Dei som blir valde kallar vi stortingsrepresentantar og dei tek avgjerder på vegner av heile folket.

Makta i Noreg er delt

For at ingen i skal få for mykje makt, så delar vi makta på fleire. Vi kallar det maktfordeling.

Makta er delt mellom Stortinget, regjeringa og domstolane. Desse har ulike arbeidsoppgåver og skal passe på kvarandre.

Stortinget

Lovgjevande makt 

Stortinget bestemmer kva lover vi skal ha i landet. Vi kallar difor Stortinget for den lovgjevande makta.

Regjeringa

Utøvende makt

Jobben til regjeringa er å styre landet. Då bruker dei lovene som Stortinget har bestemt.

Vi kallar derfor regjeringa for den utøvande makta. Å utøve er det same som å gjere eller gjennomføre noko.

Domstolane

Dømmande makt

Det er domstolane som avgjer om nokon har brote ei lov eller ikkje. Vi kallar derfor domstolane for den dømmande makta. 

Domstolane ligg rundt i heile Noreg. Her jobbar det dommarar som leier rettssaker.

Illustrasjon av maktfordelingsprinsippet. Stortinget, regjeringen og domstolen i hvert sitt hjørne.

Vi har menneskerettar

Grunnlova har eit eige kapittel med menneskerettar. Desse gjeld for alle som bur i Noreg. Menneskerettane kan vere ting vi har lov til eller ting vi skal vernast mot. Til dømes:

  • Ytringsfridom: Du kan seie, tenkje, skrive og meine det du vil.
  • Religionsfridom: Du kan sjølv velje om du vil tru på ein gud og kva gud du vil tru på.
  • Rett til utdanning: Alle har rett til ei utdanning.

Vi kan endre Grunnlova

Grunnlova har vorte endra mange gonger sidan 1814. Til dømes for å gi fleire i Noreg stemmerett. 

Det er berre Stortinget som kan endre i Grunnlova, sidan Stortinget er vald av folket.

Diskusjonsoppgåver

  1. Nemn tre viktige ting som står i Grunnlova. Det kan vere noko du fann i artikkelen på denne sida, eller noko du har lært om andre stadar.
  2. Noreg er eit folkestyre. Korleis styre folka seg sjølv? Kva er eit anna ord for folkestyre? 
  3. Kva betyr det for deg å ha ytringsfridom? Korleis ville det ha vore om vi ikkje hadde hatt ytringsfridom?
  4. Kvifor er det viktig at makta blir delt på fleire? Kva skjer om berre éin person har all makt? 
  5. I 1814 hadde kongen mykje makt, men slik er det ikkje lenger. Kvifor er dette endra, trur du?
Gammelt dokument med gotisk skrift og tre signaturer.
Foto: Stortinget