Gå til innhold/innhald
Illustrasjon: Stortinget

Magnus Lagabøtes landslov

Kvifor fekk Kong Magnus kallenamnet Lagabøte? Bli med å feire at det er 750 år sidan vi fekk vår første felles lovbok i Noreg.
  • 1.-4.
  • film oppgåve
  • 45 min
  • 1.-4.

Lærarrettleiing

På denne sida kan elevane lære meir om Noregs første riksdekkjande lovbok: Magnus Lagabøtes landslov. Elevane ser filmen om Lagabøte først, og løyser oppgåver etterpå.

Tidsbruk og fag

I rettleiinga blir det presentert fleire oppgåver du som lærar kan velje mellom. Det er mogleg å jobbe tverrfagleg med Magnus Lagabøtes landslov i fleire fag (til dømes samfunnsfag, norsk og kroppsøving). 

Vi tilrår at du set av minst ein skoletime til oppgåvene, avhengig av kor mange av oppgåvene du ønskjer å nytte i undervisninga. Dersom Landslova skal vere tema over ein lengre periode, kan oppgåvene fordelast mellom forskjellige fag.

Gjennomføring

Vel blant oppgåvene under. I oppgåveheftet finn du skrive- og fargeleggingsoppgåver om Magnus Lagabøtes landslov. Her kan elevane fargeleggje bilete frå filmen, løyse kryssord og skrive eiga landslov. 

Munnleg oppgåve: Refleksjonsoppgåver

Landslova var den første lovboka som gjaldt for heile Noreg. Diskuter følgjande spørsmål i klassen. 

  • Korleis trur du det hadde vore om vi hadde hatt ulike lover for forskjellige folk?
  • Kvifor er det viktig at lova er lik for alle?

Kongen befaler:

Trekk lodd og la éin bestemme alt. 

Denne oppgåva kan også gjennomførast i kroppsøving, der den som er monark bestemmer om elevane skal hoppe, springe osb. 

Snakk saman etterpå om korleis det blir opplevd når éin bestemmer alt. 

Oppgåvehefte: 

Oppgåveheftet består av tre delar: 

  1. Fargeleggjingsoppgåver
  2. Kryssordoppgåve
  3. Skriveoppgåve: Lag di eiga landslov 

Film om Landslova

I denne filmen blir du kjent med Kong Magnus Lagabøte og Landslova. Kva handla lova om og kvifor var ho så viktig?

En oppslått bok i en bokylle. I boken er det en tegning av en konge, og det står: Magnus Lagabøte
Foto: Stortinget
play-button

Magnus Lagabøte var ein norsk konge. Han levde frå 1238 til 1280. Denne perioden kallar vi mellomalderen. 

Eigentleg var det storebroren til Magnus som skulle bli konge, men han døydde då han var ganske ung. Difor blei Magnus konge. Lagabøte betyr ‘som gjer lover betre’. Magnus fekk kallenamnet Lagabøte fordi han forandra lovene slik at dei blei betre enn dei hadde vore. 

Magnus er mest kjend for Landslova. Landslova var den første lovboka som gjaldt for heile Noreg. I år er Landslova 750 år gammal!