
Kongens oppgåver

Kongens oppgåver
Kva er eit monarki?
I Grunnlova står det at Noreg er eit monarki. Det betyr at vi har ein konge eller ei dronning som statsoverhovud. I dag er det kong Harald som er konge i Noreg.


Sjølv om kongen er statsoverhovudet, så er det ikkje han som bestemmer i landet. Noreg er nemleg også eit demokrati, og det betyr at folket bestemmer.

Kongen representerer Noreg
Ein av dei viktigaste oppgåvene til kongen er å representere Noreg.
Både kongen og kronprinsen reiser mykje rundt både i Noreg og i verda. Dei tek også imot besøk her heime. Dette gjer dei for å halde på vennskap og avtaler mellom Noreg og andre land.

Kongen opnar Stortinget
I oktober kvart år opnar Kongen eit nytt arbeidsår på Stortinget. Dette kallar vi den høgtidlege opninga av Stortinget.
Foto: Stortinget
Kongen skriv under på lovene
Fredagar kjem statsministeren og regjeringa til Slottet. Her har dei eit møte med Kongen og Kronprinsen, som blir kalla «Kongen i statsråd».
Regjeringa fortel Kongen om dei sakene dei jobbar med. Dei har også med seg lover som Stortinget har vedteke. Både kongen og statsministeren må skrive under på lovene for at lovene skal vere gyldige.

Trona går i arv
Kong Harald er den tredje i rekkja av norske kongar etter 1905. Far til kong Harald var kong Olav, og bestefar hans var kong Haakon.
Kong Haakon opnar Stortinget i 1936 og Kong Harald opnar Stortinget i 2023 og 2024. Film: Oslo Byarkiv og Stortinget.
Tidlegare var det berre menn som kunne arve trona, men i 1990 bestemde Stortinget at også kvinner kan arve trona. Det betyr at det eldste barnet til kronprins Haakon, prinsesse Ingrid Alexandra, vil arve trona etter far sin.


Oppgåver
Jobb saman med læringspartnaren din.
- Veit de om nokon andre land som også har ein konge eller dronning som statsoverhovud?
- Veit de om nokon land som har ein president som statsoverhovud?
- Kvifor trur de at Kongen ikkje bestemmer i Noreg?
- Sjå filmen der Kong Haakon opnar Stortinget i 1936 og Kong Harald opnar Stortinget i 2024. Kva forskjellar legg dykk merke til?







