Gå til innhold/innhald
Foto: Ekaterina Bolovtsova/Pexels

Kva gjer domstolane?

Det er domstolane som avgjer om du har brote ei lov, og kva konsekvensar det skal få. Domstolane er «den dømmande makta».
  • 5.-7.
  • Tekst
  • 15 min
  • 5.–7.

Noregs lover

Noregs lover fortel kva som er lovleg og kva rettar vi har. Til dømes står det at det ikkje er lov å stele, og at alle har rett til å gå på skulen.

Lovbok med klubbe.
Foto: Stortinget

Rolla til domstolane

Du veit sikkert at ein i Noreg kan få bot eller fengsel viss ein har brote ei lov. Men det er ikkje alltid like tydeleg kva som er eit lovbrot. Alle kan ikkje vurdere om nokon har gjort noko ulovleg, eller kva straffa skal vere.

Dei som gjer dette blir kalla dommarar, og dei jobbar i domstolane.

Rettsak

For at dommarar skal kunne vurdere om nokon har gjort noko ulovleg, må ein ha ei rettsak. Der blir det lagt fram bevis, og den som er skulda får høvet til å forsvare seg. Basert på det ein får vite i rettssaka kan dommaren gi ein dom.

Dom

Dommen kjem an på kva lov ein har brote og kor alvorleg det er. Dersom den dømde ikkje aksepterer straffa, seier ein at dei «ankar». Då kan saka behandlast på nytt.

Kvar er domstolane?

Kanskje har du høyrt orda «tingretten», «lagmannsretten» eller «høgsterett»? Desse er alle ulike delar av domstolane der det går føre seg rettssaker. Antakeleg har du ein domstol i nærleiken av der du bur.