Gå til innhold/innhald
Foto: Stortinget

Kva betyr lovene for deg?

I Noreg har vi hundrevis av lover. Mange av dei handlar om korleis barn skal ha det, og kva rettar barn har.
  • VIDEO
  • OPPGAVE
  • 90 min
  • 5.-7.

Kva er ei lov? 

Lover er reglar for samfunnet vårt. Lovene fortel om kva rettar og plikter vi har, om kva som er tillate, og kva som er forbode. 

Kven lagar lovene? 

Det er som regel regjeringa som kjem med forslag til nye lover, men det er Stortinget som bestemmer om lova blir noko av eller ikkje. 

Folket bestemmer 

På Stortinget sit det representantar frå heile Noreg som er valde inn av folket. Dei tek avgjerder på vegner av folket. Så på ein måte kan ein seie at folket er med på å bestemme lovene vi har i Noreg. 

Lover for barn 

Korleis kan lovene sørgje for at barn får det betre? Opp gjennom tidene er lovene endra fleire gonger. I denne filmen blir du kjent med fleire lover frå noregshistoria som handlar om barn og deira rettar. 

Film: Kva betyr lovene for deg?

en gutt sitter på en seng, kledd i klær fra 40- tallet
play-button