

Stortingets tre hovudoppgåver
Vedta lover
Eit samfunn treng felles lover og reglar for å fungera. Éin av Stortingets hovudoppgåver er å bestemma kva lover som skal gjelda i Noreg.

I Grunnlovas paragraf 49 står det at Stortinget er Noregs lovgivande makt. På denne måten er folket, som har valt Stortinget, med på å bestemma lovene i landet. Det er eit viktig demokratisk prinsipp.
Kvifor blir lovene endra?
Stortinget kan både endra, fjerne eller leggja til nye lover. Til saman behandlar Stortinget rundt 100 lovendringar i året.
Mange knyter lover først og fremst til forbod, som fartsgrenser og aldersgrenser. Men lover kan også vera rettar me har. Eit døme på dette er retten til å gå på skule eller retten til hjelp viss du blir sjuk.

Samfunnet endrar seg heile tida, derfor er lovene i eit land aldri ferdig skrive. Nye moglegheiter og behov dukkar opp, som lovene må spegla.
Dessutan har partia ulike meiningar om kva som er dei beste løysingane for å skapa eit godt samfunn. Kva parti som har fleirtal i Stortinget, er derfor avgjerande for kva lovforslag som blir vedtekne.
Korleis jobbar Stortinget med lovforslag?
Dei fleste lovforslag kjem frå regjeringa, sjølv om også stortingsrepresentantar kan fremja eigne forslag. Alle lovforslag blir behandla av Stortinget, som vurderer, debatterer og til slutt stemmer over forslaga.
Først blir forslaget sendt til ein komité, som består av ei gruppe på mellom 11 og 20 representantar frå ulike parti. Det er nemleg ikkje sånn at alle på Stortinget jobbar med alle lovforslag.
Til saman er stortingsrepresentantane fordelte på 12 komitear. Desse har ansvar for ulike samfunnsområde.
Lovforslaga Stortinget jobbar med, blir sendte til den relevante komiteen. Til dømes vil eit lovforslag om leksefri skule bli sendt til utdannings- og forskingskomiteen.
Komiteen set seg inn i konsekvensane av lovforslaga dei jobbar med, og skriv ei tilråding til Stortinget om forslaget bør vedtakast eller ikkje.
For at ei lov skal bli vedteken, må minst halvparten av Stortinget stemme for forslaget.

Kva skjer når ei lovendring er vedteken?
Når eit lovforslag får fleirtal, er det oppgåva til regjeringa å gjere lova gjeldande. I tråd med maktfordelingsprinsippet, blir regjeringa kalla den utøvande makta. Med dette siktar ein til at regjeringa skal utøve, eller gjennomføre, det Stortinget vedtek.
Men før regjeringa kan gjere det, må Kongen ha signert lovvedtaket. Kvar fredag klokka 11 møter regjeringa Kongen på Slottet. Det er i dette møtet Kongen godkjenner det Stortinget har bestemt.
