Gå til innhald
Jens Stoltenberg overleverer en bunke papirer til Masud Gharahkhani.
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) leverer forslaget til statsbudsjett til stortingspresident Masud Gharahkhani.
Foto: Stortinget

Statsbudsjettet 2027

Kor mykje kostar Noreg? Lær meir om kva staten bruker pengar på, og korleis statsbudsjettet påverkar deg!
  • 8.–10. VGS
  • Tekst
  • Oppgåve
  • 45 Min
  • VGS
  • 8.–10.

Lærerveiledning

Stortinget er Norges bevilgende makt.

Om opplegget

Målet med dette undervisningsopplegget er at elevene skal bli bedre kjent med statens inntekter og utgifter, og hvordan statsbudsjettet påvirker deres egen hverdag.

Forberedelser

Det er lurt å ha grunnleggende kjennskap til Stortingets oppgaver, partiene og velferdsstaten før man diskuterer spørsmålene i denne oppgaven.

Gjennomføring

Nederst på siden finner du oppgaver som elevene kan jobbe med enten individuelt eller i grupper. De kan også kombineres med andre oppgaver om partier og valget på Stortingets undervisningssider, eller med andre undervisningsressurser om for eksempel velferdsstaten.

Oppgavene nederst på siden er delt i tre bolker:

  • Oppgaver om statens utgifter.
  • Oppgaver om statens inntekter.
  • Oppgaver om Stortinget og statsbudsjettet.

Kvar oktober kjem finansministeren til Stortinget med forslaget til statsbudsjett for neste år.

2286 milliardar kroner

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2027

Regjeringa foreslår å bruke 2286 milliardar kroner i 2027. Desse pengane går til alt frå skule og sjukehus til forsvar og politi.

Illustrasjonsbilde til video om statsbudsjettet.
play-button

Sjå video frå årets travlaste dag! Slik ser det ut når statsbudsjettet kjem til Stortinget.

Kva er statsbudsjettet?

Kort sagt er statsbudsjettet ein plan for korleis staten skal bruke og tene pengar. Budsjettet viser kor mykje pengar staten ventar å få inn, og korleis dei skal brukast.

Bård Hoksrud løfter en stor bunke papirer.
Bård Hoksrud (FrP) har mykje papir å setje seg inn i. Til saman er budsjettet på fleire tusen sider, og veg ca. 13 kilo.
Foto: Stortinget

Det er regjeringa som gjennomfører politikk og styrer Noreg i det daglege. Men utan eit statsbudsjett å styre etter, får ikkje regjeringa gjort jobben sin. I og med at det er Stortinget som vedtek statsbudsjettet, er dette det viktigaste dei jobbar med kvart år.

Kva blir pengane brukte på?

Noreg er ein velferdsstat. Det betyr at staten har ansvar for å sikre at alle som bur her kan leve gode liv. Staten sørgjer mellom anna for utdanning og helsehjelp til alle.

Dette merkar også du i kvardagen. Kvar dag blir du påverka av statsbudsjettet. Til dømes kostar éin elev i vidaregåande skule omtrent 250 000 kroner i året.

Den største utgifta i 2027 er alderspensjon, som kostar over 378 milliardar kroner. Dette beløpet vil auke i framtida, fordi fleire nordmenn blir eldre. Mange er derfor bekymra for at utgiftene kan bli større enn inntektene i framtida.


Kva betyr desse kakestykka, eigentleg?

  • Sjukehus og helse: I Noreg er helsehjelp gratis. Staten betaler for sjukehus, fastlege og andre helsetilbod.
  • Høgare utdanning: Som helse, er også høgare utdanning gratis i Noreg. Du betaler ingenting for å gå på undiversitetet.
  • Trygd og pensjon: Dette er den desidert største utgifta til staten samla sett. Trygd og pensjon er fleire ting, mellom anna alderspensjon, uføretrygd, sjukepengar, og foreldrepengar.
  • Barnetrygd og kontantstønad: Alle med barn under 18 år får utbetalt barnetrygd ein gong i månaden. Kontantstønad er ein sum pengar som blir utbetalte til foreldre som er heime med barna i staden for barnehage når dei er små (under 20 månader).
  • Kommunar og fylke: Kommunen og fylket der du bur har ansvaret for å gi deg mange av velferdstilboda du har, t.d. skule. Staten overfører kvart år ein god del pengar til kommunar og fylke for at dei skal klare det.
  • Transport: Desse pengane går til å byggje vegar, jernbane, kollektivtransport og annan infrastruktur.
  • Utvikling og bistand: Noreg gir pengar til både organisasjonar og andre land som treng det. Pengane blir mellom anna brukte på nødhjelp, bevare regnskog, byggje skular og sjukehus.
  • Forsvar: Forsvaret har ansvaret for å verne Noreg og delta i internasjonale operasjonar. Pengane går til personell, utstyr og øvingar.
  • Politi: Polititet skal førebyggje og få bukt med kriminalitet.
  • Andre utgifter: Dette kakestykket inneheld både små og store postar frå statsbudsjettet. Nokre døme er kulturtilbod, støtte til bønder og straumstøtte til familiar.

Kvar kjem pengane frå?

Staten får inn pengar gjennom skattar og avgifter. Når du kjøper noko i butikken eller går på kino, inngår meirverdiavgift (MVA) i prisen. Dette er pengar som går til staten.

I tillegg tener Noreg mykje på olje og gass. Over 20 % av utgiftene til staten blir dekte av desse inntektene. Utan desse inntektene ville politikarane hatt mykje mindre pengar å rutte med.

Pengane vi tener på olje og gass blir ikkje brukte direkte over statsbudsjettet. I staden blir dei sette inn i Statens pensjonsfond utland, også kalla oljefondet. Kvart år blir det teke ut nok pengar av fondet til å dekkje utgifter som ikkje blir andre inntekter dekte av.


Kva betyr desse kakestykka, eigentleg?

  • Skatt på inntekt og formue: Alle med inntekt og formue over ein viss sum betaler skatt til staten. Det same gjer bedrifter. Dette er den viktigaste inntektskjelda til staten for å betale for velferdstenester.
  • Renter og aksjeutbytte: Staten er eigar og medeigar i ganske mange selskap. Kvart år får staten utbytte frå desse. I tillegg låner staten ut pengar til både folk og institusjonar, til dømes gjennom Lånekassen. Når desse pengane blir betalte tilbake, får staten renteinntekter.
  • Meirverdiavgift: MVA, eller moms, er ei avgift som blir lagd på prisen på dei fleste varer du kjøper i butikken. Kvar gong du handlar bidreg du med andre ord til statskassa.
  • Avgift på alkohol og tobakk: Dette er ei eiga avgift som blir lagd på desse produkta, i tillegg til vanleg mva. Det gjer staten for å avgrense inntaket av alkohol og tobakk.
  • Avgift på motorvogn: Det er avgift på både bilkjøp, drivstoff og bruk av køyretøy. Formålet med dette både å få inn pengar til å halde vegar ved like, men også "oppmode" folk til å bruke mindre bil.
  • Arbeidsgivaravgift og trygdeavgift: Arbeidsgivarar betaler ei avgift for sine tilsette, og alle som jobbar betaler ein del av lønna si til folketrygda. Desse pengane går til pensjon og andre trygdar.
  • Andre avgifter: Til dømes på flyreiser, strøym og enkelte varer. Mange små postar, som til saman blir ein stor sum.
  • Andre inntekter: Andre inntekter staten har, som til saman blir ein ganske stor sum. Til dømes sal av tenester, bøter og gebyr.
  • Bruk av oljepengar: Kvart år bruker staten ein del av avkastninga frå oljefondet. Desse pengane dekkjer utgifter som ikkje blir andre inntekter dekte av.

Kva er politikarane usamde om?

Noko av det partia på Stortinget er mest usamde om, er nivået på skattar og avgifter. Partia lengst til venstre ønskjer at dei med mest pengar skal betale meir i skatt. Det vil gi staten meir pengar å bruke på til dømes skule eller barnetrygd.

Partia på høgresida meiner at høge skattar og avgifter gjer livet vanskeleg for ein del bedrifter. Vi treng bedrifter, både for å produsere varer og tenester. Då er det viktig at bedriftene ikkje går konkurs.

Bygningsarbeidere utenfor Familiehuset på Grønland
Noreg er heilt avhengig av bedrifter som driv med mellom anna bygg- og anlegg, og andre ting vi treng i samfunnet. Nokre parti meiner at dei bør betale litt mindre i skatt.
Foto: iStock
To barn leker på en karusell i en skolegård.
For å sikre at alle barn skal ha ein trygg og god skule, meiner nokre parti at dei med mest pengar må betale litt meir i skatt.
Foto: iStock

Eit anna tema partia ofte er usamde om, er miljø. Nokre miljøtiltak kostar mykje pengar, og kan krevje store endringar i samfunnet eller i folks kvardag. I slike spørsmål kan parti som elles samarbeider godt vere usamde.

Korleis blir statsbudsjettet vedteke?

Regjeringa lagar forslaget til statsbudsjett, men det er Stortinget som avgjer om det skal vedtakast. For at budsjettet skal godkjennast, må det få fleirtal i Stortinget.

Arbeidarpartiet sit åleine i regjering. Det betyr at forslaget til statsbudsjett inneheld dei politiske løysingane Arbeidarpartiet ønskjer å prioritere.

Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg har mykje makt når regjeringa lagar forslag til statsbudsjett.

Men Arbeidarpartiet har ikkje har fleirtal på Stortinget. Dei må forhandle med andre parti for å få støtte. Og det kan bli krevjande!

Faktisk er Arbeidarpartiet avhengig av at alle dei raudgrøne partia blir samde for at statsbudsjettet skal få fleirtal. Det betyr at også Raudt, SV, MDG og Senterpartiet må få forhandla inn nokre av dei politiske ønska sine.

Desse forhandlingane varer heile hausten, og innan nyttår må statsbudsjettet få fleirtal.

Fire politikere intervjues i vandrehallen.
Mimir Kristjánsson (R), Oda Indgaard (MDG), Marthe Hammer (SV) og Bjørn Arild Gram (Sp) intervjuast av NRK i vandrehallen etter at forslaget frå regjeringa er gitt til Stortinget.
Foto: Stortinget

Kva skjer om det ikkje blir fleirtal for budsjettet?

Det har aldri tidlegare skjedd at fleirtalet på Stortinget ikkje blir samde om eit statsbudsjett. Dersom statsbudsjettet ikkje får fleirtal, er det sannsynleg at regjeringa trekkjer seg.

Det skjer ved at statsministeren stiller eit kabinettsspørsmål, som er eit ultimatum til Stortinget. Då seier statsministeren at fleirtalet må stemme for budsjettet, om ikkje går regjeringa av.

Etter at Stortinget har vedteke budsjettet, er det regjeringa som har ansvar for å bruke pengane slik Stortinget har bestemt.

Oppgåver om utgiftene til staten

Gå saman i par eller grupper.

  1. Sjå på oversikta over utgiftene til staten over. Er det noko der som overraskar dykk?
  2. Tenk gjennom kva de gjorde og opplevde i løpet av førre veke. Kor mykje av dette trur dykk staten var med å betale for?
  3. Kva velferdstenester har kommunen og fylket ditt ansvaret for å gi dykk?
  4. Ein tredel av utgiftene til staten går til ulike trygdeordningar og pensjon. Dei aller fleste treng slike ordningar i løpet av livet. Undersøk kva ordningar som blir dekte av denne posten.
1 / 3
Skoleelever skriver på papirer.
Foto: Pexels