Gå til innhold
Jens Stoltenberg gir to bøker til stortingspresidenten i stortingssalen.
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) leverer forslaget til statsbudsjett til stortingspresident Masud Gharahkhani.
Foto: Stortinget

Statsbudsjettet 2026

Kor mykje kostar Noreg? Lær meir om kva staten bruker pengar på, og korleis statsbudsjettet påverkar deg!
  • 8.–10. VGS
  • Tekst
  • Oppgåve
  • 45 Min
  • VGS
  • 8.–10.

Lærerveiledning

Stortinget er Norges "bevilgende makt".

Om opplegget

Målet med dette undervisningsopplegget er at elevene skal bli bedre kjent med statens inntekter og utgifter, og hvordan statsbudsjettet påvirker deres egen hverdag.

Forberedelser

Det er lurt å ha grunnleggende kjennskap til Stortingets oppgaver, partiene og velferdsstaten før man diskuterer spørsmålene i denne oppgaven.

Gjennomføring

Nederst på siden finner du oppgaver som elevene kan jobbe med enten individuelt eller i grupper. De kan også kombineres med andre oppgaver om partier og valget på Stortingets undervisningssider, eller med andre undervisningsressurser om for eksempel velferdsstaten.

Oppgavene nederst på siden er delt i tre bolker:

  • Oppgaver om statens utgifter.
  • Oppgaver om statens inntekter.
  • Oppgaver om Stortinget og statsbudsjettet.

Kvar oktober kjem finansministeren til Stortinget med forslaget til statsbudsjett for neste år.

Regjeringa foreslår å bruke 2154 milliardar kroner i 2026. Desse pengane går til alt frå skule og sjukehus til forsvar og politi.

Kva er statsbudsjettet?

Kort sagt er statsbudsjettet ein plan for korleis staten skal bruke og tene pengar. Budsjettet viser kor mykje pengar staten ventar å få inn, og korleis dei skal brukast.

Det er regjeringa som gjennomfører politikk og styrer Noreg i det daglege. Men utan eit statsbudsjett å styre etter, får ikkje regjeringa gjort jobben sin. I og med at det er Stortinget som vedtek statsbudsjettet, er dette det viktigaste dei jobbar med kvart år.

Nikolai Astrup holder en stor bunke papirer som det står "statsbudsjettet 2026" på.
Nikolai Astrup (H) har mykje papir å setje seg inn i. Til saman er budsjettet på fleire tusen sider, og veg ca. 13 kilo.
Foto: Stortinget

Kva blir pengane brukte på?

Noreg er ein velferdsstat. Det betyr at staten har ansvar for å sikre at alle som bur her kan leve gode liv. Staten sørgjer mellom anna for utdanning og helsehjelp til alle.

Dette merkar også du i kvardagen. Kvar dag blir du påverka av statsbudsjettet. Til dømes kostar éin elev i vidaregåande skule omtrent 250 000 kroner i året.

Den største utgifta i 2026 er alderspensjon, som kostar over 350 milliardar kroner. Dette beløpet vil auke i framtida, fordi fleire nordmenn blir eldre. Mange er derfor bekymra for at utgiftene kan bli større enn inntektene.

Diagram som viser de viktigste utgiftene i regjeringens forslag til statsbudsjettet for 2026, alle summer i milliarder: Sykehus og helse: 237, høyere utdanning: 65, trygd og pensjon: 744, barnetrygd og kontantstøtte: 30, politi: 32, transport: 98, andre utgifter: 455, utvikling og bistand: 54, forsvar: 180, kommuner og fylker: 259. Totalsum: 2154.
Oversikt over dei viktigaste utgiftene til staten i 2026, slik desse er foreslått av regjeringa.
Illustrasjon: Stortinget

Kvar kjem pengane frå?

Staten får inn pengar gjennom skattar og avgifter. Når du kjøper noko i butikken eller går på kino, inngår meirverdiavgift (MVA) i prisen. Dette er pengar som går til staten.

I tillegg tener Noreg mykje på olje og gass. Over 20 % av utgiftene til staten blir dekte av desse inntektene. Utan desse inntektene ville politikarane hatt mykje mindre pengar å rutte med.

Pengane vi tener på olje og gass blir ikkje brukte direkte over statsbudsjettet. I staden blir dei sette inn i Statens pensjonsfond utland, også kalla oljefondet. Kvart år blir det teke ut nok pengar av fondet til å dekkje utgifter som ikkje blir andre inntekter dekte av.

Diagram som viser de viktigste inntektene i regjeringens forslag til statsbudsjettet for 2026, alle summer i milliarder: Skatt på inntekt og formue: 508, renter og aksjeutbytte: 84, merverdiavgift: 421, avgifter på alkohol og tobakk: 24, andre avgifter: 69, avgifter på motorvogner: 19, arbeidsgiveravgift og trygdeavgift: 514, andre inntekter: 63, bruk av oljepenger: 452. Totalsum: 2154.
Oversikt over dei viktigaste inntektene til staten i 2026, slik desse er foreslått av regjeringa.
Illustrasjon: Stortinget

Kva er politikarane usamde om?

Noko av det partia på Stortinget er mest usamde om, er nivået på skattar og avgifter. Partia lengst til venstre ønskjer at dei med mest pengar skal betale meir i skatt. Det vil gi staten meir pengar å bruke på til dømes skule eller barnetrygd.

Partia på høgresida meiner at høge skattar og avgifter gjer livet vanskeleg for ein del bedrifter. Vi treng bedrifter, både for å produsere varer og tenester. Då er det viktig at bedriftene ikkje går konkurs.

Bygningsarbeidere utenfor Familiehuset på Grønland
Noreg er heilt avhengig av bedrifter som driv med mellom anna bygg- og anlegg, og andre ting vi treng i samfunnet. Nokre parti meiner at dei bør betale litt mindre i skatt.
Foto: iStock
To barn leker på en karusell i en skolegård.
For å sikre at alle barn skal ha ein trygg og god skule, meiner nokre parti at dei med mest pengar må betale litt meir i skatt.
Foto: iStock

Eit anna tema partia ofte er usamde om, er miljø. Nokre miljøtiltak kostar mykje pengar, og kan krevje store endringar i samfunnet eller i folks kvardag. I slike spørsmål kan parti som elles samarbeider godt vere usamde.

Korleis blir statsbudsjettet vedteke?

Regjeringa lagar forslaget til statsbudsjett, men det er Stortinget som avgjer om det skal vedtakast. For at budsjettet skal godkjennast, må det få fleirtal i Stortinget.

Arbeidarpartiet sit åleine i regjering. Det betyr at forslaget til statsbudsjett inneheld dei politiske løysingane Arbeidarpartiet ønskjer å prioritere.

Støre og Stoltenberg på vei inn i stortingssalen.
Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg har mykje makt når regjeringa lagar forslag til statsbudsjett.
Foto: Stortinget

Men Arbeidarpartiet har ikkje har fleirtal på Stortinget. Dei må forhandle med andre parti for å få støtte. Og det kan bli krevjande!

Faktisk er Arbeidarpartiet avhengig av at alle dei raudgrøne partia blir samde for at statsbudsjettet skal få fleirtal. Det betyr at også Raudt, SV, MDG og Senterpartiet må få forhandla inn nokre av dei politiske ønska sine.

En mann blir intervjuet av NRK-journalist i vandrehallen på Stortinget.
For å vedteke statsbudsjettet treng Arbeidarpartiet støtte frå fleire parti på Stortinget. Mellom anna Raudt, her ved Mimir Kristjansson.
Foto: Stortinget
Tonje Brenna intervjues av TV 2.
Tonje Brenna er parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet, altså ein slags sjef for stortingsgruppa. Jobben hennar er å sørgje for at dei raudgrøne partia blir samde til slutt.
Foto: Stortinget

Desse forhandlingane kjem til å vare utover heile hausten, men innan nyttår må dei bli samde. Om ikkje, stoppar heile Noreg opp. Sjukehus, skular og politistasjonar må stengje dørene, fly og tog vil stoppe og tryggleiken til alle som bur i Noreg blir svekt.

Det har aldri skjedd at fleirtalet på Stortinget ikkje blir samde om eit statsbudsjett. Heldigvis. Sjølv om partia ofte forhandlar til langt på natt i vekene før jul, blir det til slutt ei semje.

Etter at Stortinget har vedteke budsjettet, er det regjeringa som har ansvar for å bruke pengane slik Stortinget har bestemt.

Oppgåver om utgiftene til staten

Gå saman i par eller grupper.

  1. Sjå på oversikta over utgiftene til staten over. Er det noko der som overraskar dykk?
  2. Tenk gjennom kva de gjorde og opplevde i løpet av førre veke. Kor mykje av dette trur dykk staten var med å betale for?
  3. Kva velferdstenester har kommunen og fylket ditt ansvaret for å gi dykk?
  4. Ein tredel av utgiftene til staten går til ulike trygdeordningar og pensjon. Dei aller fleste treng slike ordningar i løpet av livet. Undersøk kva ordningar som blir dekte av denne posten.
1 / 3
Skoleelever skriver på papirer.
Foto: Pexels