Gå til innhold/innhald

Kampen for parlamentarisme

Karikaturtegning fra 1880-tallet. Høyre og Venstre framstilles som to ville hester.
På 1880-talet prega debatten om å innføra parlamentarisme norsk politikk. Karikaturteikninga viser den svenske unionskongen Oscar II, som prøver å tøyma dei to fløyene på Stortinget, Venstre og Høgre.
Foto: Wikimedia Commons

Kampen for parlamentarisme

  • 8.–10. VGS
  • Fordjupning
  • 20 min
  • VGS
  • 8.-10.

Lærerveiledning

I denne artikkelen kan elevene lese om bakgrunnen og konsekvensene av kampen for parlamentarisme på midten av 1800-tallet.

Om artikkelen

Kampen for parlamentarisme la grunnlaget for norsk selvstendighet i 1905 og etableringen av de første politiske partiene i Norge.

Denne artikkelen setter disse hendelsene inn i en historisk kontekst, og kan være nyttig i både historie og samfunnsfag.

Parlamentarismen fekk gjennombrotet sitt i Noreg i 1884. Dermed vart ein lang maktkamp mellom det norske Stortinget og den svenske kongen avslutta.
Portretter av Karl Johan og Wilhelm Frimann Koren Christie
Foto: Venstre: Fredric Westin/Nationalmuseum. Høyre: Olav Rusti/Stortinget
Norsk marineflagg fra 1800-tallet, med "sildesalaten" oppe i venstre hjørne.
Foto: Stortinget

Etter å ha kriga og forhandla sidan august, gjorda Noreg og Sverige ein avtale den 4. november 1814.

Kronprinsen av Sverige, Karl Johan, og Noregs stortingspresident, Wilhelm Frimann Koren Christie, var sentrale under forhandlingane, og inngjekk eit kompromiss.

Noreg fekk behalda sin eigen lovgivande forsamling, ved Stortinget. Samtidig måtte me akseptera at den utøvande makta, det vil seia konge og regjering, fekk hovudsete i Sverige.

Med unntak av nokre tilpassingar fekk Noreg behalda grunnlova som vart skriven på Eidsvoll, sjølv om me gjekk inn i union med Sverige. Me sikra oss dermed sjølvråderett i ein god del politiske saker.

Likevel var vegen mot fullt sjølvstende for Noreg lang. Den svenske kongen var Noregs statsoverhovud. Mykje av den politiske makta vart dermed liggjande i Stockholm, langt unna det folkevalde Stortinget i Noreg.

Fotografi av 4. november-grunnloven.
4. november-grunnlova, som var eit kompromiss mellom Noreg og Sverige.
Foto: Stortinget
Kart over Norge og Sverige med nasjonale motiver rundt.
Kart over unionen mellom Noreg og Sverige, teikna i 1847.
Foto: Peter Andreas Munch/Wikimedia Commons

Maktkamp mellom kongen og Stortinget

Utover på 1800-talet vart maktkampen mellom dei to statsmaktene meir og meir betent. Kongen og Stortinget hadde kvar pressmidla sine. Kongen nekta å godta lovendringar Stortinget vedtok, og forseinka på den måten Stortingets arbeid.

Stortinget bestemde på si side nivået på skattar og avgifter, og kva desse pengane skulle brukast til. Utan pengar frå Stortinget var det avgrensa kva kongen og regjeringa kunne gjennomføra.

På denne tida var det kongen sjølv som valde medlemmene av den norske regjeringa. Dette gjorde han utan å ta omsyn til kva fleirtalet i Stortinget måtte meina.

Regjeringas medlemmer hadde heller ikkje rett til å møta i Stortinget. Dermed hadde Stortinget få høve til å konfrontera regjeringa med politikken den gjennomførte.

Stortingssalen ca. 1870. Veggene er hvite, og et stort riksvåpen henger der maleriet Eidsvold 1814 henger i dag.
Foto: Oslo Museum
Stortingsbygningen med unionsflagg.
Foto: Rune Aakvik/Oslo Museum

Det at regjeringa ikkje møtte til debatt i Stortinget, opprørte mange. Opposisjonen meinte at kongen og regjeringa på den måten unngjekk kritikk.

Frå 1870-talet kravde fleire at dette måtte endrast. No hadde Stortinget fått sin eigen bygning i Kristiania. Det gjorde det lettare å organisera opposisjonen og byggja alliansar.

Opposisjonen mot kongemakta bestod av både bønder og liberale byfolk. Til saman utgjorde dei eit stort fleirtal på Stortinget.

Opposisjonen meinte at maktfordelinga mellom Storting og regjering var for strengt avgrensa. Den utøvande og lovgivande makta hadde nesten ikkje kontakt med kvarandre. Det var til hinder for god politisk styring og reelt folkestyre i Noreg, meinte dei.

Derfor ville opposisjonen innføra parlamentarisme. Dei ville sikra at regjeringa vart utpeika med utgangspunkt i stortingsfleirtalet. Stortinget skulle også få fleire høve til å halda regjeringa ansvarleg for jobben han gjorde.


Kva er eigentleg parlamentarisme?

  • Parlamentarisme er ei styreform som gir parlamentet (altså Stortinget) makt over regjeringa.
  • I land med parlamentarisme blir regjeringar danna ut i frå kor stor oppslutning dei ulike partia har i parlamentet.
  • Ei regjering kan berre sitja så lenge fleirtalet i parlamentet tillèt det. Dersom fleirtalet i parlamentet viser mistillit til regjeringa, må regjeringa gå av.

I 1874 vart det fleirtal på Stortinget for å endra Grunnlova i tråd med dette. Regjeringas medlemmer skulle kunna møta til debatt i Stortinget, slik at opposisjonen fekk halde dei ansvarleg for jobben dei gjorde.

Den svenske kongen, Oscar II, la likevel ned veto mot denne endringa. Det same skjedde i 1877 og 1880; Stortinget ville innføra parlamentarisme, men Oscar II la ned veto.

Postkort med illustrasjon av Kong Oscar II og svensk-norsk symbolikk.
Eit postkort som viser unionskongen Oscar II.
Foto: Max Hänel/Nasjonalbiblioteket

Riksrett i 1884

Grunnlova gir kongen rett til å nedleggja veto mot lovendringar Stortinget vedtek. Men denne retten er avgrensa. Kongen har berre høve til å leggja ned veto mot same lovendring to gonger.

Då Oscar II la ned veto mot same grunnlovsendring for tredje gong i 1880, tok derfor opposisjonen på Stortinget i bruk sitt kraftigaste verkemiddel: riksrett.

Riksrett er ein domstol som kan nyttast dersom medlemmer av regjeringa, Stortinget eller Høgsterett gjer seg skuldig i straffbare handlingar i jobben sin. Kongen sjølv kunne ikkje stillast for riksrett, men det kunne den norske regjeringa hans.

Saka vart avgjord i 1884. Statsminister Christian August Selmer og regjeringa hans vart dømd for å ha nekta å setja i verk eit stortingsvedtak, og måtte gå av. Frå no av var kongen nøydd til å ta omsyn til fleirtalet i Stortinget når han skulle utnemna ei regjering.

Illustrasjon av riksrettssaken mot Selmer-regjeringen.
Riksrett mot Selmers regjering 1884.
Foto: Oslo Museum

Johan Sverdrup - far til parlamentarismen

Det var mange på Stortinget som støtta kampen for parlamentarisme, men særleg éin mann blir knytt til saka: Johan Sverdrup. Det var også han kong Oscar II vart tvinga til å utnemna som statsminister etter riksrettssaka mot Selmer.

Al Magt i denne Sal.

Johan Sverdrup

"Far til parlamentarismen"

Johan Sverdrup er ein av dei viktigaste politikarane i Noregs historie. Han sat på Stortinget frå 1851-1884, og var deretter statsminister til 1889.

Sverdrup klarte å byggja ein allianse mellom liberale byfolk og bønder. Desse gruppene fann saman i ein felles kamp for å flytta makt frå kongen til det norske folket, gjennom Stortinget.

Uttalen hans frå 1873 om at all makt skal samlast i stortingssalen er eit av dei mest kjende sitata frå norsk politisk historie. På grunn av kampen hans for parlamentarisme, har han fått tilnamnet "far til parlamentarismen".

Portrett av Johan Sverdrup
"Far til parlamentarismen" Johan Sverdrup.
Foto: Stortinget

Dei første partia blir danna

1884 var eit heilt spesielt år i norsk politisk historie. Med gjennombrotet til parlamentarismen fekk Stortinget meir makt, på bekostning av regjeringa.

Parallelt med dette vart også partiet Venstre stifta, med Johan Sverdrup som leiar. Like etter vart partiet Høgre stifta.

Med gjennombrotet til parlamentarismen og framveksten til partia vart fundamentet lagt for det politiske systemet me framleis har i dag.

Karikaturtegning fra parlamentarismestriden.
Karikaturteikning frå 1870-talet. Nokon meinte at innføring av parlamentarisme representerte eit brot med Grunnlova, og ville bana veg for republikk.
Foto: Wikimedia Commons
Karikaturtegning fra 1880-tallet. Høyre og Venstre framstilles som to ville hester.
Karikaturteikning som viser Kong Oscar II, som prøver å tøyma dei to hestane "Høire" og "Venstre". Parlamentarismestriden bana veg for etableringa av dei første politiske partia i Noreg.
Foto: Wikimedia Commons