Gå til innhold/innhald

Stortinget under krigen

Tyske fly over Stortinget.
Tyske fly over stortingsbygningen 9. april 1940.
Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

Stortinget under krigen

  • 8.–10. VGS
  • Fordjuping
  • 30 min
  • VGS
  • 8.-10.
I åra 1940–1945 vart demokratiet undertrykt av ein autoritær okkupasjonsmakt. Nazistane tok over stortingsbygningen, medan kongen og regjeringa styrte frå eksil i London.
Lang kø til publikumsgalleriet på Stortinget.
Foto: Stortinget
Tyske soldater marsjerer nedover Karl Johans gate.
Foto: Riksarkivet

Den 8. april 1940 var det lang kø utanfor Stortinget. Dei frammøtte ville høyre utanriksminister Halvdan Koth tale om situasjonen i Europa.

Framleis var Noreg nøytralt, men Storbritannia og Frankrike la miner langs kysten vår for å stoppe tyske skip som kom med jernmalm frå Sverige. Regjeringa kravde at desse minene måtte fjernast.

Dagen etter tok tyske soldatar over Stortinget. På éin dag gjekk stortingsbygningen frå å vere ein open demokratisk arena til å bli hovudkvarter for den tyske okkupasjonsmakta.

Trass opplysningar om at to tyske skip hadde vorte torpedert utanfor kysten av Sør-Noreg, var det altså dei britiske og franske minene som vart diskuterte i Stortinget den 8. april.

At den tyske invasjonen skulle kome allereie neste natt, var det ingen som førestilte seg.

Angrepet på Noreg

Anten blir eg stilt for krigsrett, eller så blir eg krigshelt. Fyr!

Birger Eriksen

Kommandant på Oscarsborg festning 9. april 1940

Dei tyske nazistane angreip Noreg med veldige skyts. Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Narvik var nokre av stadane som vart tekne med både fly og skip.

Angrepet kom overraskande, og utan noka krigserklæring i forkant.

Dei første meldingane om ein tysk invasjon kom rundt midnatt. Ytst i Oslofjorden vart den norske vaktbåten "Pol III" senka av den tyske torpedobåten "Albatross".

På Oscarsborg, like utanfor Oslo, førebudde dei seg på kampar. Klokka 04.21 avfyrte kommandant Birger Eriksen og mennene hans skota som senka det store krigsskipet Blücher.


Kvifor gjekk Tyskland til angrep på Noreg?

  • Den lange kysten og nærleiken til Storbritannia gjorde det strategisk viktig å etablere basar i Noreg.
  • Tyskland var avhengig av jernmalm frå Sverige. Dersom dei kontrollerte Noreg, var dei sikra tilgang til dette.
  • Ifølgje raseideologien til nazistane var nordmenn ein arisk rase og høyrde difor heime i eit tysk storrike.
Blücher synker i Oslofjorden.
Senkinga av Blücher forsinka den tyske invasjonen, slik at kongehuset, regjeringa og Stortinget fekk tid til å evakuere.
Foto: Riksarkivet
Tyske soldater på Torgallmenningen i Bergen.
Tyske soldatar på Torgallmenningen i Bergen. Nazistane rykte inn i Noreg fleire stader 9. april 1940.
Foto: Bergen fotoarkiv

Stortinget sin flukt – Elverumsfullmakta

Samtidig førebudde kongehuset, regjeringa og stortingsrepresentantane seg på å måtte flykte.

Då stortingspresident Carl Joachim Hambro vart varsla om den tyske invasjonen, beordra han evakuering av Stortinget med tog til Hamar. Kongefamilien og regjeringa skulle evakuerast med det same toget.

Rett før klokka halv åtte same morgon rulla toget ut frå Østbanen i Oslo med kurs for Hamar.

På Hamar vart det halde stortingsmøte, men dette måtte avbrytast fordi tyske styrkar nærma seg. I all hast måtte ein forlate lokala, og Stortinget, regjeringa og kongen flykta vidare til Elverum.

Her vedtok Stortinget å overføre myndigheita si til regjeringa. På denne måten fekk regjeringa fullmakt til å vareta Noreg sine interesser til Stortinget igjen kunne samlast.

Avtalen er kjent som Elverumsfullmakta og vart avgjerande for at regjeringa kunne fortsetje arbeidet sitt frå eksil i Storbritannia under krigen.

Kongefamilien, regjeringa og store delar av Stortinget på Hamar jernbanestasjon 9. april 1940. Nedst til høgre ser du prins Harald.
Stortingsmøte i Festiviteten på Hamar. Ein måtte avbryte møtet fordi tyske styrkar var på veg.
Gjennom Elverumsfullmakta gav Stortinget regjeringa fullmakt til å gjere det ho kunne for å sikre Noreg sine interesser under krigen.
Den 11. april vart Elverum bomba. Eitt av motiva kan ha vore hemn for at kongen og regjeringa ikkje overgav seg.
Kongen og kronprinsen søkjer dekning for det tyske flyangrepet på Nybergsund 11. april 1940.
Kong Haakon VII og kronprins Olav i Molde i slutten av april 1940. Treet i bakgrunnen har fått namnet Kongebjørka.
Den 7. juni 1940 forlét kongen og kronprinsen Noreg og drog i eksil i London. Herfrå heldt dei statsrådsmøte og leia motstandskampen heime i Noreg.
Kongefamilien, regjeringa og store delar av Stortinget på Hamar jernbanestasjon 9. april 1940. Nedst til høgre ser du prins Harald.
Foto: Normann Fotoatelier/Anno Domkirkeodden

Etter at møtet var heva på Elverum, fortsette flukta for kongen, kronprinsen og regjeringa. Kong Haakon og kronprins Olav reiste først til Vestlandet og deretter til Nord-Noreg, før dei innsåg at det var umogleg for Noreg å stanse dei tyske styrkane.

Den 7. juni 1940 forlét dei Noreg og drog i eksil i London, der dei saman med regjeringa styrte den norske motstandsrørsla. Det skulle gå fem år før dei kunne vende tilbake til Noreg, og før landets folkevalde igjen kunne samlast på Stortinget.

Stortingets fasade med tysk banner under krigen. På banneret står det "Deutschland siegt an allen Fronten".
Foto: Riksarkivet
Josef Terboven og Vidkun Quisling i stortingsbygningen.
Foto: Riksarkivet

Medan kongefamilien, regjeringa og Stortinget flykta, vart stortingsbygningen teken over av tyskarane.

Rom og salar vart fylte med nazistiske symbol og brukte til møte og seremoniar. Blant anna var Joseph Goebbels på besøk i 1940. Men bak kulissane gjekk det føre seg ein maktkamp om korleis Noreg skulle styrast.

Josef Terboven, som var Hitlers partikollega gjennom mange år, og den norske politikaren Vidkun Quisling var hovudpersonane i denne.

Maktkampen mellom Terboven og Quisling

Klokka 22.00 om kvelden 9. april heldt Vidkun Quisling ein radiotale der han erklærte seg som Noregs nye statsminister.

Tyskarane hadde i utgangspunktet håpa at den norske regjeringa skulle overgje seg utan motstand. Då det ikkje skjedde, gjekk representantar for det tyske nazipartiet til Vidkun Quisling og bad han om å gjere statskupp. Dei håpa at den norske motstanden skulle bli mindre dersom ein "norsk" regjering tok makta.

Likevel blir Quisling fort avsett av den tyske okkupasjonsmakta, som ikkje anerkjenner styret hans. Berre nokre veker etter 9. april blir Josef Terboven sendt til Oslo. Han får i oppdrag å opprette eit tysk-kontrollert styre i Noreg.


Kven var Quisling?

  • Vidkun Quisling vart fødd i Fyresdal i Telemark i 1887.
  • På byrjinga av 1920-talet samarbeidde han med Fritjof Nansen for å hjelpe svelteramma ukrainarar på Krim-halvøya. Han jobba også for å hjelpe flyktningar frå Armenia.
  • På slutten av 1920-talet budde han i Moskva, der han blant anna jobba for at Storbritannia og Sovjet skulle gjenoppta det diplomatiske sambandet.
  • Frå 1931 til 1933 er han forsvarsminister i den Bondeparti-styrte regjeringa i Noreg.
  • I 1933 stifta han partiet Nasjonal Samling (NS). I løpet av tida i Sovjet vart han radikalisert. Han såg på nært hald kor forferdeleg regimet til Stalin var, og vart samtidig tilhengjar av nazistane sin raseideologi.

Stortingsbygningen i hendene på diktaturet

Etter at det norske forsvaret kapitulerte 10. juni, vende den tyske okkupasjonsmakta seg til Stortinget i eit forsøk på å etablere eit samarbeidsregime som skulle erstatte norske styresmakter.

Nokre av medlemane i Stortingets presidentskap hadde vorte igjen i Noreg. Under sterkt press gjekk dei med på å erklære at Elverumsfullmakta var ugyldig, og at regjeringa skulle avsetjast. Kongen vart samtidig beden om å trekkje seg.

Kong Haakon nekta på si side å akseptere denne avtalen. I ein tale halden frå eksil i London gjorde han det klart at det var uaktuelt å forhandle med tyskarane.

Det at han avviste alle forsøk på å forhandle med tyskarane, har vorte kjent som «kongens nei» i norsk historie, og motiverte mange til motstandskamp i Noreg.

Til slutt gav tyskarane opp å forankre okkupasjonsregimet i lovleg valte norske styresmakter. I staden gjennomførte Reichskommissar Josef Terboven eit kupp.

Den 25. september 1940 utnemnde Terboven ei norsk regjering underlagt seg sjølv. Av dei 13 statsrådane i regjeringa var ni frå det norske nazistpartiet Nasjonal Samling.

I november 1940 besøkte Tysklands propagandaminister Joseph Goebbels (i midten) Stortinget.
Her held to tyske soldatar vakt utanfor stortingsbygningen.
Josef Terboven (til venstre) og Vidkun Quisling (i midten) på statsbesøk hos Adolf Hitler i Berlin i 1942.
Josef Terboven i stortingssalen. Stortinget vart fylt med nazistiske symbol og kunst. Her er maleriet «Eidsvold 1814» skjult bak hakekorset.
Terboven brukte Eidsvollsgalleriet på Stortinget som sitt kontor under store delar av okkupasjonen. Rommet vart blant anna dekorert med ein byste av Adolf Hitler.
Også Slottet vart etter kvart teke over av nazistane. Vidkun Quisling hadde kontor der frå 1942.
I november 1940 besøkte Tysklands propagandaminister Joseph Goebbels (i midten) Stortinget.
Foto: Wiki Commons

Quisling og Terboven kom aldri overeins med kvarandre. Gjennom heile krigen var dei rivalar, men tvinga til å samarbeide.

Terboven meinte at Quisling var udugeleg, og ønskte å ha mest mogleg makt sjølv. Quisling, på si side, hadde eit godt forhold til Hitler, som hadde lova han ei leiande rolle i Noreg.

I 1942 fekk Quisling formelt rolla som ministerpresident og leia ei nasjonal regjering fram til 1945. Quislings politiske makt var likevel avgrensa. Terboven hadde det øvste myndet.

Stortingsbygningen vart brukt av tyskarane gjennom store delar av krigen. Josef Terboven hadde kontoret sitt i Eidsvollsgalleriet det meste av okkupasjonstida.

I februar 1945 flytta han til Oslo Handelsgymnasium. Stortingsbygningen vart då overlaten til den norske NS-regjeringa under Quislings leiing.

Stor folkemengde utenfor Stortinget.
Foto: Rigmor Dahl Delphin / Oslo Museum
Stortingssalen med stortingspresident Hambro på presidentpodiet.
Foto: Stortinget

Tysdag 8. mai 1945 kapitulerte Nazi-Tyskland. Datoen blir framleis feira som frigjeringsdagen, både i Noreg og andre stader i Europa.

Okkupasjonsmakta og symbola deira vart raskt fjerna frå stortingsbygningen, og folket tok til gatene for å feire fridomen.

Den 14. juni vart det første stortingsmøtet etter krigen halde. Stortinget var igjen herre i eige hus.

Kong Haakon kom tilbake til Noreg 7. juni 1945, på dagen fem år etter at han hadde forlate landet. Han vart møtt av kronprins Olav, som hadde kome tilbake nokre veker tidlegare, og eit hav av folk som ville ta del i feiringa.

Våren og sommaren 1945 blir gjerne kalla fredsdagane. Overgangen frå diktatur tilbake til eit legitimt, demokratisk styresett gjekk nokså smertefritt.

Det var noko usemje om korleis Noreg burde styrast rett etter frigjeringa. Ikkje minst var mange kritiske til Stortingets presidentskap, som dei meinte hadde gått for langt i å imøtekome ønska til den tyske okkupasjonsmakta våren 1940.

Oppdraget med å danne ei midlertidig regjering fram til ein kunne halde eit nytt stortingsval, gjekk til leiaren i Arbeidarpartiet, Einar Gerhardsen.

Han danna ei samlingsregjering, som sat sommaren og deler av hausten 1945. Samlingsregjeringa var tverrpolitisk og hadde statsrådar frå alle dei store partia i Noreg.

Aldri meir 9. april

Sjølv om vekene og månadene etter frigjeringa baud på mange markeringar av at dei demokratiske institusjonane i landet var gjeninnsett, kvilte det også eit stort alvor over perioden.

Den andre verdskrigen var enormt øydeleggjande. Land frå alle kontinent vart trekte inn i konfliktane. Til saman mista rundt 70 millionar menneske livet.

Kong Haakon i bil hilser folkemengden etter frigjøringen.
Kong Haakon køyrer i open bil gjennom Oslos gater 7. juni 1945.
Foto: Oslo Museum
Ruiner av bygninger i Kirkenes sentrum.
Finnmark vart åstaden for harde kampar mellom tyske og sovjetiske styrkar. Sovjet sleppte bomber mot tyske mål, medan tyskarane brende bygningar og øydela infrastruktur då dei trekte seg ut av området. Her frå Kirkenes i 1944.
Foto: Finnmark Fylkesbibliotek

I Noreg vart rundt 10 000 menneske drepne som direkte følgje av krigen. Okkupasjonstida forårsaka nokre av dei mest traumatiske hendingane i norsk historie, som deportasjonen av norske jødar og nedbrenninga av Finnmark. Det er difor vi seier "aldri meir 9. april".


Kjelder

Desse kjeldene er brukte i arbeidet med artikkelen:

  • Store norske leksikon (snl.no)
  • Norgeshistorie.no (UiO)
  • Stortinget.no
  • Kongehuset.no