Krig mellom Noreg og Sverige
For å forstå konflikten rundt 17. mai, må me tilbake til 1814. I januar 1814 måtte Danmark avstå Noreg til den svenske kongen. I Noreg vart nyheita møtt med misnøye. Mange ønskte heller at Noreg skulle styra seg sjølv.
Derfor møttest 112 menn på Eidsvoll for å skriva ei grunnlov for Noreg. Den 17. mai var dei ferdige og valde den danske prinsen Christian Frederik til norsk konge.
Men Christian Frederiks regjeringstid vart kort. svenskekongen Karl XIII og tronarvingen hans Karl Johan, nekta å akseptera norsk sjølvstende. 26. juli 1814 angrep svenske troppar Noreg.
Krigen vart kort. Den svenske hæren var overlegen. Berre to veker seinare vart det innleidd fredsforhandlingar i Moss.