Kva betyr 17. mai for meg?
17. mai er ein spesiell dag i Noreg. Då feirar vi Noregs nasjonaldag. Kva betyr dette?
17. mai 1814 fekk Noreg grunnloven sin. Grunnlova fortel korleis landet skal styrast. Den norske grunnloven er ein av dei eldste grunnlovane i verda som framleis er i bruk.
Kvifor er nordmenn så opptekne av Grunnlova at vi feirar den kvart år?
I denne filmen fortel stortingspresident Masud Gharahkhani kva 17. mai betyr for han.
Masud Gharahkhani om 17. mai
Refleksjonsspørsmål
Gå saman i par og bruk filmen til å svare på spørsmåla:
- I filmen fortel Masud om korleis han feira 17. mai som barn. Kva seier han om dette?
- Kva feirar vi eigentleg på 17. mai?