Gå til innhold/innhald
Barnetoget i Karl Johansgate.
Foto: Stortinget

Noregs grunnlov

Grunnlova er eit av Noregs aller viktigaste dokument. Kvifor det? Og kva står skrive der?
  • VO
  • Tekst
  • 15 min
  • VO

Den 17. mai feirar vi Noregs nasjonaldag. Det gjer vi fordi Grunnlova blei ferdig på denne dagen i 1814. Ho er ei av dei eldste grunnlovene i verda.

Grunnlova er ei slags regelbok for demokratiet. Der står det korleis Noreg skal styrast, kven som har stemmerett og kva rettar vi som bur her skal ha. Det er Grunnlova som seier at Noreg er eit monarki, at vi har demokrati og ytringsfridom. Grunnlova inneheld òg nokre viktige menneskerettar.

Monarki

I Grunnlova står det at Noreg er eit monarki. Det betyr at vi har ein konge eller ei dronning som statsoverhovud. Da Grunnlova blei skrive i 1814 hadde kongen mykje makt, men slik er det ikkje lenger.

Demokrati

Grunnlova seier òg at Noreg er eit demokrati, altså at det er folket som bestemmer.

Alle dei som har stemmerett er med på å velje 169 kvinner og menn til Stortinget. Dei blir kalla stortingsrepresentantar, og tek avgjerder på vegne av heile folket. Dei blir valde gjennom stortingsval, som vi har kvart fjerde år.

Det er Grunnlova som fortel kven som har stemmerett, og når det skal vere val.

Representanter i stortingssalen under et stortingsmøte
Stortinget har debattar i stortingssalen.
Foto: Stortinget

Makta er delt

I Noreg er makta delt mellom Stortinget, regjeringa og domstolane. Dei har ulike arbeidsoppgåver. Det kallar vi maktfordeling. Poenget med dette er å sørgje for at ingen får for mykje makt. Det er viktig i eit demokrati.

Illustrasjon av maktfordelingstrekanten. Stortinget, regjeringen og domstolen i hvert sitt hjørne.
Maktfordeling går ut på at Stortinget, regjeringa og domstolane deler på statsmakta.
Illustrasjon: Stortinget

Menneskerettar

I Grunnlova står det fleire menneskerettar. Dei gjeld for alle som bur i Noreg. Rettane kan handle om kva vi har lov til, eller ting vi skal vernast frå. Her er tre døme på menneskerettar i Grunnlova:

  • Ytringsfridom: Du kan seie, tenkje, skrive og meine det du vil.
  • Religionsfridom: Du er fri til å tru på det du vil, og til å praktisere religionen din aleine eller saman med andre.
  • Rettstryggleik: Du kan ikkje straffast utan at du har brote ein lov.