Gå til innhold/innhald
Grunnloven med segl
Foto: Stortinget

Om 1814 for vaksenopplæringa

Noreg har ikkje alltid vore eit demokrati. Før 1814 hadde folket lita makt, og det var den danske kongen som bestemde over Noreg.
  • VO
  • Tekst
  • 15 min
  • VO

På byrjinga av 1800-talet såg europakartet svært annleis ut enn i dag. Noreg var i union med Danmark. Denne unionen hadde vart i over 400 år.

I Europa var det krig på 1800-talet. Napoleon leia Frankrike i Napoleonskrigane. Motstandarane til Frankrike var England, dei tyske statane og Russland. Danmark-Noreg støtta Napoleon, medan Sverige støtta motstandarane hans.

Napoleon og Danmark-Noreg tapte krigen. Den danske kongen måtte derfor gi frå seg Noreg til den svenske kongen.

Ei grunnlov blir til

Mange nordmenn ville at Noreg skulle vere eit eige land, og ikkje i union med Sverige. 112 menn møttest på Eidsvoll for å skrive den norske grunnlova. Ho vart ferdig i mai 1814. Derfor feirar vi nasjonaldagen vår den 17. mai kvart år.

Grunnlova handlar om korleis Noreg skal styrast. Ho gir òg rettar til dei som bur i Noreg.

Grunnlova byggjer på tre hovudprinsipp:

  • fordeling av makt
  • demokrati
  • menneskerettar

I union med Sverige

Men Sverige ville ikkje at Noreg skulle bli eit eige land. Sommaren 1814 vart det derfor ein kort krig mellom Sverige og Noreg. Noreg tapte krigen, og måtte då gå inn i union med Sverige.

Sjølv om Noreg var i union med Sverige, fekk det norske folket bestemme mykje. Noreg fekk behalde Grunnlova og ha eit eige storting.

Det var Stortinget som laga lovene for Noreg, og gjennom val kunne folket bestemme kven som skulle sitje på Stortinget. Det einaste vi hadde felles med Sverige, var kongen og utanrikspolitikken.

Noreg får sin eigen konge

Unionen mellom Sverige og Noreg varte til 1905. Då vart Noreg eit heilt sjølvstendig land. Folket ønskte at Noreg skulle vere eit monarki, og kong Haakon vart vald til konge.