

Stortinget 2025-29
Dei raudgrøne partia beheld fleirtalet sitt, og Jonas Gahr Støre held fram som statsminister. Men han må samarbeide på andre måtar enn han gjorde før.
Denne presentasjonen gir ei oversikt over resultatet og vegen vidare:
Valresultatet
Resultatet av stortingsvalet avgjer ikkje berre kor store partia på Stortinget blir dei neste fire åra, men også kven som skal sitje i regjering.
I Noreg blir regjeringa danna av det eller dei partia som har støtte frå flest i Stortinget. Dette blir kalla parlamentarisme.

Av Stortingets 169 representantar, kjem 88 frå partia Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, Raudt og MDG. Det er dette fleirtalet som gir grunnlag for å kalle valet ein raudgrøn siger.
Dermed ligg alt til rette for at Jonas Gahr Støre beheld jobben som statsminister i fire år til.

Korleis blir det fleirtal?
Den viktigaste jobben til regjeringa er å foreslå politikk for Stortinget, og gjennomføre den politikken som Stortinget vedtek. Derfor ligg det enormt mykje makt i å sitje i regjering.
Å sitje i regjering, kan samanliknast med å sitje i førarsetet på ein bil. Det er partia i regjering som har hendene på rattet, og foten på gassen og bremsen.
Men kor mykje omsyn regjeringa treng å ta til andre parti, avheng av om det er ei fleirtalsregjering eller mindretalsregjering.
Arbeidarpartiet sit i regjering åleine, men må samarbeide med andre parti. For sjølv om dei er det største partiet i landet, er Arbeidarpartiet langt unna å ha fleirtal i Stortinget åleine.

I dei fleste saker vil Arbeidarpartiet prøve å lage fleirtal saman med dei andre raudgrøne partia. Til saman vil dei då ha 88 representantar, som held til fleirtal.

Men det er ikkje sikkert at dei fem raudgrøne partia vil vere samde om alt. Då må Arbeidarpartiet kanskje forhandle med parti på borgarleg side.
Det vil også vere mogleg for dei borgarlege partia å få fleirtal for politikken sin, dersom dei klarer å forhandle seg fram til løysingar med minst eitt av dei raudgrøne partia.


Oppgåver om valresultatet
Dei raudgrøne partia får fleirtal på Stortinget, og Arbeidarpartiet held fram i regjering. Men korleis samarbeidet mellom regjeringa og Stortinget skal bli, er førebels uklart.
- Kva er dei største endringane som følgje av valet?
- Arbeidarpartiet gjer eit betre val enn i 2021, men Jonas Gahr Støre kjem likevel til å få ein vanskelegare jobb som statsminister denne perioden enn førre. Kvifor?
- Arbeidarpartiet ønskjer å sitje i regjering åleine, sjølv om dei ikkje har fleirtal i Stortinget. Kva er fordelar og ulemper med dette?
- Sjølv om Senterpartiet var det partiet som gjekk mest tilbake prosentmessig, kan dei få ei heilt avgjerande rolle i denne perioden. På kva måte?
- Kva konsekvensar får valresultatet for samarbeidet på borgarleg side?
- I takketalen sin sa Støre: "Vi er politiske motstandarar - ikkje fiendar". Kvifor sa han det? Kvifor er det viktig å skilje mellom motstandarar og fiendar i politikken?
- Drøft påstanden: "Det er altfor mange parti på Stortinget!"


