Gå til innhold/innhald
Illustrasjon med lilla bakgrunn. Illustrasjoner av snakkebobler, og flere fotoutklipp i svarthvitt av et øre og munner som snakker.
Illustrasjon: iStock og Stortinget

Kva er viktig for deg?

Skule, kriminalitet og klima og miljø er døme på politiske saker som mange snakkar om før det er val. Kva saker er du oppteken av, og kva meiner du?
  • VO
  • Oppgåver
  • 90 min
  • VO

Lærarrettleiing

I denne oppgåva trenar elevane på å gjengi informasjon frå kjelder på internett, og vurdere ulike meiningar opp mot kvarandre. Dei skal også gjere seg opp ei eiga meining om kva som er viktig for dei, og argumentere.

Denne oppgåva kan tilpassast ulike språk- og kunnskapsnivå, men elevane bør kunne noko norsk frå før. Elevane bør vite kva eit politisk parti er, og ha noko grunnleggjande kunnskap om det norske demokratiet. 

Tidsbruk avheng av forkunnskapane i gruppa og kor langt du vil gå i å ha diskusjonar i gruppa/plenum til slutt. To skuletimar kan vere eit utgangspunkt.

Du kan byggje vidare på oppgåva ved å organisere debatt om dei ulike sakene, eller du kan avslutte etter at elevane har fylt ut skjemaa og snakka saman i gruppa.  

Framgangsmåte: 

  1. Snakk saman i klassen: Kva er elevane opptekne av? Gi nokre døme for å hjelpe dei i gang, t.d. arbeidslivet, barnehagar, skular, ungdomskriminalitet, skattepolitikk, entreprenørskap og privat næringsliv, sjukefråvær, olje, straumprisar, EU/EØS, bistand, innvandring osb.  
  2. Bli samde om 3-4 saker som er viktige for elevane.
  3. Snakk saman i fellesskap – kva handlar denne saka eigentleg om? Kva kan ein vere usamde om når det gjeld denne saka? Kva parti knyter elevane til sakene? Notar på tavla.
  4. Fordel elevane i grupper, slik at kvar gruppe har éi sak dei skal fordjupe seg i. Individuelt eller i par skal dei skal no fylle ut skjemaet som ligg i oppgåveteksten. Dette kan du anten skrive ut til dei, eller dei kan laste det ned sjølv på pc. 

Elevane skal bruke kjelder på internett som t.d. debattar frå TV, partiprogram, nyheitsartiklar, lærebøker eller Stortinget undervisning. 

Gjer tydeleg at sjølv om mange parti skriv om alle slags saker i partiprogramma, er det gjerne nokre saker dei er mest opptekne av (hjartesaker).

Dersom elevane ikkje har god kjennskap til partia frå før, kan du fortelje dei kva parti som er spesielt opptekne av denne saka. Til slutt skal dei ta ein gjennomgang i gruppa, før dei evt. presenterer saka for klassen.

Partia er opptekne av ulike saker. Til dømes er MDG kjent for å vere spesielt opptekne av klima og miljø, medan Frp snakkar mykje om eldreomsorg og innvandringspolitikk.  

Andre parti kan også vere opptekne av dei same sakene, men er kanskje usamde om kva løysing som er best.  

Sylvi Listhaug på en av talerstolene i Stortingssalen. Hun snakker til Stortingsrepresentant Bjørn Skjæran, som har ryggen vendt mot kamera.
Sylvi Listhaug er leiar i Framstegspartiet (Frp). Innvandring er ei viktig sak for Frp.
Foto: Stortinget
Arild Hermstad innenfor hovedinngangen til Stortinget, omringet av journalister og fotografer under valgnatten i 2023.
Arild Hermstad er leiar av Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Klima og miljø er hjartesaka deira.
Foto: Stortinget

Snakk saman i klassen og bli samde om nokre saker de er opptekne av. Gå saman i grupper – ei gruppe for kvar sak. Alle på gruppa skal no setje seg inn i saka. Last ned skjemaet under, og byrj å gjere research. 

Last ned skjemaet her (word)

Bruk internett for å svare på spørsmåla. Du kan til dømes bruke Stortinget undervisning, nyheitsartiklar, partiprogramma eller andre kjelder på internett for å svare på spørsmåla.  

  1. Finn tre parti som er spesielt opptekne av denne saka.
  2. Kva meiner desse partia om saka? Notar nokre stikkord eller setningar om kva dei meiner.
  3. Kva meiner du om saka?  
  4. Diskuter saman i gruppa. Du kan skrive meir i skjemaet ditt etter at du har høyrt på dei andre.