Gå til innhold/innhald
En stemmeseddel legges i en valgurne
Foto: Tore Fjeld/Kommunal- og distriktsdepartementet

Kva er val?

Val er grunnsteinen i demokratiet vårt. Gjennom val bestemmer me kven som skal representera oss der politiske avgjerder blir tekne.
  • 8.–10. VGS
  • Tekst
  • 10 min
  • VGS
  • 8.-10.

I september annakvart år er det val i Noreg. Anten til Stortinget eller til fylkesting og kommunestyre.

Stortingsval

Hvert fjerde år er det stortingsval i Noreg. Då vel folket 169 stortingsrepresentantar. Dei tek avgjerder i politiske spørsmål som gjeld heile landet. Det vil seia kva lover som skal gjelda og kor mykje pengar staten skal bruka på ulike formål, som skule og sjukehus.

Stortingsrepresentantane blir frå valde inn til saman 19 valdistrikt. Talet på representantar per valdistrikt er avhengig av kor mange som bur der, og kor stort distriktet er. Oslo har flest representantar (20), medan Aust-Agder og Sogn og Fjordane har færrast (4).

Infografikk som viser Norges valgdistrikt med antall representanter: Finnmark 5, Troms 6, Nordland 9, Nord-Trøndelag 5, Sør-Trøndelag 10, Møre og Romsdal 8, Sogn og Fjordane 4, Hordaland 16, Rogaland 14, Vest-Agder 6, Aust-Agder 4, Oppland 6, Hedmark 7, Buskerud 8, Telemark 6, Oslo 20, Akershus 19, Vestfold 7, Østfold 9.
Når det er stortingsval, blir landet delt opp i 19 valdistrikt.
Illustrasjon: Stortinget

Lokalval

Hvert fjerde år, to år etter eit stortingsval, er det val til fylkesting og kommunestyre. Då vel innbyggjarane representantar som skal styra kommunen og fylket.

Kommunen har til dømes ansvar for å styra skule, barnehage, eldreomsorg og kultur. Fylkeskommunen har mellom anna ansvaret for tannhelse og vidaregåande skule.

Stemmesedler i et valglokale
Når man stemmer, plukker man en seddel fra det partiet man ønsker å stemme på.
Foto: Tore Fjeld/Kommunal- og distriktsdepartementet

Kan eg stemma?

Alle norske statsborgarar over 18 år, eller som fyller 18 i løpet av valåret, har stemmerett og kan sjølv stilla til val ved Stortingsvalg.

Viss du ikkje er norsk statsborgar, men har budd i landet i minst 3 år kan du stemma eller stilla til val til fylkesting og kommunestyre.

Korleis stemmer eg?

Val skal vera hemmelege. Det er eit viktig demokratisk prinsipp. Derfor går dei føre seg inne i valavlukke (buer med forheng), slik at ingen skal sjå kva andre stemmer.

Før eit val lagar partia listar med namna på kandidatane sine. Det er desse listene ein finn inne i valavlukka, og som ein skal velja blant. Ein stemmer altså ikkje på éin person, men på lister med fleire kandidatar frå same parti.

Venstre driver valgkamp på Karl Johan
I vekene før eit val, driv partia valkamp for å overtyda flest mogleg veljarar om å stemma på dei.
Foto: Per Roppestad Christensen/Venstre
En kvinne kommer ut fra et valgavlukke med stemmeseddel i hånda.
Hemmeleg val er eit viktig demokratisk prinsipp. Derfor trekkjer ein for ei gardin når ein vel stemmesetel.
Foto: Sturlason/Oslo kommune