Gå til innhold/innhald

5 ting som skil det amerikanske og det norske valsystemet

Illustrasjon som viser norsk og amerikansk flagg ved siden av hverandre. Skillelinjen mellom flaggene går diagonalt gjennom bildet.
Illustrasjon: Stortinget / iStock

5 ting som skil det amerikanske og det norske valsystemet

  • VGS
  • Tekst
  • Oppgåver
  • 30 min
  • VGS
Året før det norske stortingsvalet har USA presidentvalet sitt. Kva er dei viktigaste forskjellane mellom dei to valsystema?
Rød bakgrunn med utklipp av foto av Kamala Harris på venstre side, og Donald Trump på høyre side.
Foto: NTB/Associated Press. Illustrasjon: Stortinget
Bilde av kongressbygningen, Capitol, i USA. Stjerner i rødt, hvitt og blått er lagt på som illustrasjon til høyre i bildet.
Foto: iStock. Illustrasjon av Stortinget.

Ved presidentvalet i USA vel ein presidenten, som har den utøvande makta og leier regjeringa.

I 2024 stod valet mellom demokraten Kamala Harris og republikanaren Donald Trump.

Nasjonalforsamlinga heiter Kongressen og har den lovgivande makta. Kongressen er delt i to – Senatet og Representanthuset. Det er eigne val for medlemmer av Senatet og Representanthuset annakvart år.

Stortinget har same rolle som Kongressen i USA. Når det er stortingsval, vel vi kven som skal sitje i parlamentet og ha den lovgivande makta. 

Forskjellen er at resultatet av stortingsvalet også avgjer kven som kjem i regjering og får den utøvande makta. Det er dette som blir kalla parlamentarisme.

Infografikk som forklarer parlamentarisme. Tre polaroidbilder av ei valurne, stortingssalen og regjeringa. Piler går frå "stortingsval" til "Stortinget", og vidare til "regjeringa".
I Noreg har me parlamentarisme. Det betyr at regjeringa "kjem" frå Stortinget.
Illustrasjon: Stortinget
Illustrasjon som viser figurer av mennesker over delstatsgrensene i USA.
Illustrasjon: iStock
Joe Biden blir innsatt som president i USA. Han står ved siden av sin kone Jill Biden under innsettingsseremonien i 2021.
Foto: Saul Loeb/NTB

I USA blir presidenten vald indirekte. Der går stemmene via valmannskollegiet. Dette er ei gruppe menneske som formelt vel presidenten.

Talet på valmenn frå kvar stat er basert på kor mange menneske som bur der. Valmennene gir stemmene sine til den kandidaten som har fått flest stemmer i delstaten deira.

Valmannskollegiet utnemner presidenten når det samlast i desember. Presidenten blir først innsett i januar.

I Noreg har vi ikkje valmenn, men stemmer direkte på dei 169 stortingsrepresentantane. Stortingsrepresentantane representerer ulike valdistrikt. 

Talet på representantar per distrikt varierer ut frå kor mange som bur der. Til dømes har Oslo 20 representantar, mens Finnmark har 5.

Infografikk som viser Norges valgdistrikt med antall representanter: Finnmark 5, Troms 6, Nordland 9, Nord-Trøndelag 5, Sør-Trøndelag 10, Møre og Romsdal 8, Sogn og Fjordane 4, Hordaland 16, Rogaland 14, Vest-Agder 6, Aust-Agder 4, Oppland 6, Hedmark 7, Buskerud 8, Telemark 6, Oslo 20, Akershus 19, Vestfold 7, Østfold 9.
Når det er stortingsval, blir landet delt opp i 19 valdistrikt.
Illustrasjon: Stortinget
Illustrasjon med mørkblå bakgrunn og figurer av mennesker i hvitt, rødt og blått. Øverst til venstre er tallet 3 i en hvit sirkel.
Illustrasjon: Stortinget
Blå bakgrunn med stjerner i ulik størrelse, i fargene rødt, hvitt og blått.
Illustrasjon: Stortinget

Partiet med flest stemmer i ein amerikansk delstat får alle valmennene derfrå. Så viss fleirtalet i til dømes California stemmer på demokratane, får demokratane dei 54 valmenna til staten.

Dette blir kalla fleirtalsval. Ein konsekvens av fleirtalsval er at 49 % av veljarane frå distriktet risikerer å ikkje bli representert, dersom det er veldig jamt mellom kandidatane.

I Noreg har vi forholdstalsval. Det betyr at det er betre samsvar mellom oppslutninga til partia og talet på representantar på Stortinget. På denne måten vil fleire parti vere representerte frå eit valdistrikt.  

Til dømes har Hordaland valdistrikt 16 stortingsrepresentantar fordelte på ulike parti. Dersom vi hadde hatt same ordning som USA, ville Høgre fått alle dei 16 representantane, då det var det største partiet i Hordaland ved førre stortingsval.

Bilde av Erna Solberg som smiler lurt
Erna Solberg ville nok vore godt fornøgd dersom Høgre fekk 16 representantar frå Hordaland.
Foto: Stortinget
Partilogoene til det demokratiske og det republikanske partiet, oppå en rød bakgrunn.
Illustrasjon: iStock og Stortinget

I USA er det i all hovudsak to parti ein kan stemme på i presidentvalet – demokratane og republikanarane.

Desse partia er store nok åleine til å få fleirtal i Kongressen.

Noreg har mange parti. Det gjer det nesten umogleg for eitt parti å få fleirtal åleine i Stortinget. Dermed må partia i Noreg i større grad samarbeide og forhandle for å få fleirtal på Stortinget.

Logoene til partiene på Stortinget.
10 parti er representerte på Stortinget.
Illustrasjon: Stortinget
Illustrasjon av Stortinget i hvitt, på en mørkeblå bakgrunn. Over er det en illustrasjon av et stolpediagram med tre søyler.
Illustrasjon: Stortinget

I land med mange parti, som Noreg, er det vanleg med ei sperregrense for å unngå at for mange parti blir representerte i parlamentet.

Små parti kan veljast inn på Stortinget viss dei får mange nok stemmer i eit valdistrikt. Men for å vere med i fordelinga av utjamningsmandat, må partiet få meir enn 4 % av stemmene nasjonalt.

USA har ikkje ei slik sperregrense, fordi det berre er to parti, og fordi dei har fleirtalsval.

Oppgåver

Gå saman i par og diskuter.

  1. Kva er mest demokratisk, fleirtalsval eller forholdstalsval? Kvifor?
  2. Kva har det å seia for demokratiet i USA at dei berre er to parti å stemma på?
  3. Nokre parti meiner sperregrensa i Noreg bør senkast, andre at ho bør hevast. Kvifor meiner dei det trur de?
Illustrasjon som viser norsk og amerikansk flagg ved siden av hverandre. Skillelinjen mellom flaggene går diagonalt gjennom bildet.
Illustrasjon: Stortinget / iStock