Gå til innhald

Omvising for 5.–7. trinn

Ta med klassen på omvising til Stortinget!
  • 5.–7.
  • Omvisning på Stortinget
  • 90 Min
  • 5.–7.

Kva lærer elevane gjennom ei omvisning?

Stortinget ønskjer å bidra til at dei yngste barna blir aktive deltakarar i demokratiet. Barns første møte med Stortinget skal derfor vere ei spennande, lærerik og god oppleving.

Elevane skal få innblikk i korleis Stortinget fungerer og korleis dei kan delta i demokratiet. Dei får også kjennskap til historiske hendingar knytt til Stortinget. Vi snakkar gjerne om:

  • Stortingets tre viktigaste hovudoppgåver
  • maktfordeling 
  • partia som er representerte, regjering og opposisjon

Nøyaktig kva vi snakkar om og korleis runden på huset blir, avheng både av kva som skjer på Stortinget den dagen og forkunnskapane til elevane.

Legomodell av stortingsbygningen
Stortingssalen sett ovenfra. Det er møte i salen, og det sitter folk på plassene
Trygve Slagsvold Vedum intervjues i vandrehallen
Eidsvollsgalleriet
I trappehallen får de utforske ein modell av stortingsbygningen i lego.
Foto: Stortinget

Tidsbruk og talet på deltakarar

Besøket varer i cirka 1,5 timar (inkludert tryggleikskontroll). Det må vere minst 10 elevar for å bestille omvising. Det samla talet på personar, inkludert lærarar/følgjespersonar, kan ikkje overstige 34.

Førebuingar

Det er ein fordel om de bruker litt tid på å snakke om Stortinget i forkant av besøket. Bruk gjerne våre undervisningsressuser for elevar på 5.-7. trinn.

Du må setje deg inn i ein del praktisk informasjon knytt til mellom anna tryggleikskontroll, og andre reglar som gjeld ved besøk.

Bestill omvising

Stortinget tilbyr omvisingar gjennom heile skuleåret, frå august til juni.

Pågangen er svært stor, og du kan difor oppleve at det ikkje finst ledige tidspunkt. Vi har ingen andre ledige tidspunkt enn dei du finn på nettsida.

Du kan bestille omvising 60 dagar fram i tid. Nye tidspunkt blir publiserte fortløpande kvar dag klokka 08.00.

Trykk på eit ledig tidspunkt, så kjem du til eit skjema. Når du har sendt inn skjemaet, skal du få ei stadfesting på at skjemaet er motteke. Dersom det ikkje skjer, må du ta kontakt med oss.