Gå til innhold
Partilederne i vandrehallen.
I Noreg er mange ulike parti representerte på Stortinget. Her er alle partileiarane samla etter valet i 2025.
Foto: Stortinget

Partiguide for vidaregåande

Bli betre kjent med partia på Stortinget! Kva saker er dei mest opptekne av, og kvifor samarbeider nokon parti, medan andre ikkje gjer det?
  • VGS
  • Fordjupning
  • Oppgåver
  • 45 Min
  • VGS

Lærerveiledning

Forholdet mellom partiene er helt avgjørende for hvordan landet styres. Formålet med partiguiden er å gi en fyldig oversikt partisystemet vårt.

Alle partiene på Stortinget spiller en spesiell rolle i demokratiet vårt. Til sammen representerer de Norges historie og utvikling.

Denne guiden består av flere artikler:

  • Én innledning om partisystemet, hvor blant annet begrepene ideologi og skillelinjer forklares.
  • Deretter følger én artikkel for hvert parti som er valgt inn på Stortinget.

Hvordan bruke partiguiden?

Hvordan partiguiden brukes i klasserommet, er opp til dere. Partiene kan fordeles på mindre grupper i forbindelse med prosjektarbeid, eller guiden kan benyttes som en referanse i arbeid med andre ressurser på Stortingets undervisningssider.

På siste side i partiguiden finner du en quiz og noen diskusjonsoppgaver som kan brukes i klasserommet.

Her er noen lenker til annet innhold som fint kan kombineres i arbeidet med partiene:

Partisystemet vårt

I eit demokrati må vi ha fleire parti å stemme på. Dersom eitt parti alltid vinn, utan konkurranse, blir demokratiet svekt.

På Stortinget er det 9 parti. Alle ønskjer eit best mogleg samfunn, men er usamde om korleis det skal oppnåast.

Folk har også ulike meiningar om korleis samfunnet bør vere. Derfor treng vi mange nok parti til at alle kjenner seg representerte.

Kven skal ein stemme på?

Veldig få finn eit parti som dei er samde med i absolutt alt. Dei fleste stemmer på det partiet ein er mest samde med i dei sakene ein sjølv synest er viktigast.

Kva saker ein er opptekne av, endrar seg gjennom livet. Faktisk pleiar ca. kvar tredje vel å skifte parti frå eitt val til det neste.

Oversikt over partienes andel av de 169 representantene på Stortinget. Rødt: 9, SV: 9, Arbeiderpartiet: 53, Senterpartiet: 9, MDG: 8, KrF: 7, Venstre: 3, Høyre: 24, FrP: 47.
Her ser du korleis fordelinga av representantar på Stortinget blei etter valet i 2025.
Illustrasjon: Stortinget

Ideologien til partia

Ideologi er eit viktig omgrep for å forstå korleis partia tenkjer. Ein ideologi er ein grunnleggjande idé om korleis samfunnet bør vere. Om du veit kva ideologi eit parti tilhøyrer, kan du som regel gjette kva partiet meiner i ulike politiske spørsmål.

Parti som har liknande ideologi kan ofte samarbeide, sjølv om dei er usamde om nokon ting. Det viktigaste er at dei ikkje har altfor ulikt syn på korleis samfunnet bør vere.

I Noreg er det spesielt fire ideologiar som er nyttige å kjenne til for å forstå partia. Av og til er det vanskeleg å plassere partia heilt nøyaktig, fordi ideologiane kan overlappe kvarandre.

I oversikta under er partia plasserte omtrent der dei høyrer heime. Du kan trykkje på pluss-teikna for å lese meir om kva som kjenneteiknar dei ulike ideologiane.

Liberalisme

Grunntanken til liberalismen er at menneske er fødde frie og at staten skal verna denne fridommen.

Partilogoene til FrP, Høyre og Venstre
Frp, Høgre og Venstre har til felles ein del liberalistiske trekk.

Liberalisme stammar frå opplysingstida på 1700-talet, og legg vekt på menneskes fridom og rettar. Desse rettane skulle vernast, og ikkje blir undertrykte av dei med politisk makt.

På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet gjekk liberale parti inn for fleire velferdsordningar og for at fleire grupper skulle få stemmerett. Dei meinte at staten skulle sikra høvet alles til å klara seg sjølv.

Liberalisme i dag

I økonomisk politikk blir knytt liberalisme framleis til at staten ikkje skal ta for stor plass i samfunnet. Liberale parti ønskjer gjerne fri og rettferdig handel.

Når det gjeld enkeltmenneskes rettar, er liberale parti gjerne engasjert i kampen mot diskriminering på bakgrunn av til dømes kjønn, legning eller tru.

Konservativisme

Konservativisme handlar om å bevara tradisjonar og verdiar som samfunnet har bygd på i lang tid.

Partilogoene til FrP, Høyre og KrF
Frp, Høgre og KrF er dei partia med flest konservative trekk på Stortinget.

Konservative parti meiner at politikk skal formast ut med utgangspunkt i tradisjonane i samfunnet. I norsk samanheng betyr det gjerne kristen og humanistisk tradisjon.

Ser me heilt tilbake til 1700- og 1800-talet, meinte konservative tenkjarar at det beste for samfunnet var å bevara ei sterk kongemakt. Denne statsforma hadde utvikla seg naturleg over lang tid, og var derfor den beste måten å styra samfunnet på, meinte dei.

Konservativisme i dag

I dag meiner konservative parti at det skal vera klare grenser for makta til staten. Staten skal ikkje ta på seg oppgåver som kan løysast like godt eller betre av andre, til dømes private bedrifter eller ideelle organisasjonar.

Sjølv om konservative parti vil bevara tradisjonelle verdiar, betyr ikkje det at dei er imot forandring og alt som er nytt. Men dei er opptekne av at samfunnsutviklinga ikkje bør gå for fort, då det kan føra til kaos.

Sosialisme

Målet til sosialismen er eit samfunn med små forskjellar mellom folk både økonomisk og sosialt.

Partilogoene tilRødt, Arbeiderpartiet og SV
Raudt, Arbeidarpartiet og SV har røter i sosialismen.

Sosialistiske parti meiner at staten bør spela ei aktiv rolle i å jamna ut økonomiske og sosiale forskjellar i samfunnet. Sosialisme oppstod på 1800-talet, og utvikla seg etter kvart i ulike retningar.

På 1900-talet etablerte det seg eit skilje mellom kommunistiske og sosialdemokratiske parti. Desse hadde ulike oppfatningar om kor sterke politiske verkemiddel det var nødvendig å ta i bruk.

Sosialisme i dag

Sosialisme har framleis som mål å få bukt med økonomisk forskjell. I moderne tid har sosialistiske parti også vore opptekne av å få bukt med andre former for forskjell i samfunnet, som forskjellar i makt mellom kvinner og menn i arbeidslivet.

I motsetning til liberale og konservative parti, meiner sosialistiske parti at staten bør løysa fleire oppgåver enn i dag.

Grøn ideologi

Grøn ideologi legg vekt på at samfunnet må utviklast i tråd med kva som er økologisk forsvarleg.

Partilogoen til MDG
MDG tilhøyrer det som blir kalla grøn ideologi.

Grøn ideologi er mykje nyare enn dei andre ideologiane som pregar norsk politikk. Parti som tek utgangspunkt i grøn ideologi voks fram på slutten av 1900-talet.

På den tida byrja problema med forureining og CO2-utslepp å få større merksemd både i media og i politikken.

Mange som engasjerte seg i miljørørsla meinte at dei tradisjonelle ideologiane ikkje tok nok omsyn til naturen, og ønskte heilt nye politiske løysingar.

I dag har mange land, særleg i Europa, parti som identifiserer seg som grøne i staden for eldre, tradisjonelle ideologiar. For desse partia er vern av naturen viktigare enn økonomisk vekst.

Diagram som viser partienes ideologiske tilhørighet. Partiene på Stortinget er plassert i forhold til hverandre mellom fire ulike ideologier: sosialisme, grønn ideologi, liberalisme og konservativisme.

Politiske skiljelinjer

Eit anna omgrep som forklarer forskjellar mellom partia er politiske skiljelinjer. Skiljelinjer handlar om politiske konfliktar som har eksistert i samfunnet i lang tid.

Ofte plasserer vi partia langs ei linje med ei venstreside, ei høgreside og eit sentrum.

Poenget med dette er å vise kor sannsynleg det er at partia kan samarbeide med kvarandre: Partia har meir til felles jo nærare dei står kvarandre på linja.

Støre og Listhaug i vandrehallen.
Arbeidarpartiet og Framstegspartiet står langt frå kvarandre i norsk politikk. Dei har til dømes ulikt syn på kva oppgåver som bør løysast av staten.
Foto: Stortinget

Men den klassiske venstre-høgre-aksen passar ikkje alltid like godt for å forklare avstanden mellom partia. Hvike parti som står kvarandre nærast, kjem også an på kva sak det er snakk om.

Nokre parti står til dømes nærare kvarandre i miljøpolitikk enn i økonomisk politikk. Dette forklarer kvifor nokre parti kan samarbeide og andre ikkje.

Derfor er det nyttig å kjenne til fleire skiljelinjer, og vite sånn omtrent kvar partia er på desse. Veldig mykje av norsk politikk kan plasserast i éi av desse fem skiljelinjene:

  1. Offentleg-privat dreier som om kor positiv ein er til at private firma skal tilby velferdstenester som skule, barnehage og helsehjelp.
  2. Sentrum-periferi handlar om forskjellane mellom byane og distrikta. Til dømes tilgang på sjukehus, kollektivtransport, og fordeling av oppgåver mellom staten og kommunane.
  3. Religiøs-sekulær går ut på kva rolle tradisjonelle kristne verdiar skal ha i samfunnet. Nokre døme er synet på abort og religionsundervisning i skulen.
  4. Vekst-vern handlar om balansen mellom økonomisk vekst og naturvern. Til dømes spørsmål om oljeutvinning.
  5. Innvandring viser til synet på kor mange flyktningar vi bør ta imot og kva slags integreringspolitikk ein ønskjer.

Konkrete saker avgjer

Det finst mange døme på at konkrete saker har gjort samarbeid vanskeleg mellom parti som elles står nærme kvarandre.

Jonas Gahr Støre, Arild Hermstad og Kirsti Bergstø prater sammen.
Jonas Gahr Støre (Ap), Arild Hermstad (MDG) og Kirsti Bergstø (SV). Dei raudgrøne partia er samde i mykje, men ikkje alt.
Foto: Stortinget
Dag Inge Ulstein og Sylvi Listhaug prater sammen.
Dag Inge Ulstein (KrF) og Sylvi Listhaug (Frp). Avstanden mellom dei dei borgarlege partia er såpass store i mange saker, at dei ikkje alltid klarer å samarbeide.
Foto: Stortinget

Til dømes valde Senterpartiet å trekkje seg frå regjeringa dei sat i saman med Arbeidarpartiet i januar 2025. Dei to partia var usamde om kor mange nye EU-reglar Noreg skulle innføre.

Eit anna døme fekk vi i 2020, då FrP trekte seg frå Solberg-regjeringa. For FrP var avstanden til Venstre og KrF for stor i både miljø- og innvandringspolitikk.

Kva for nokre politiske saker som er viktigast for partia og veljarane, endrar seg frå val til val. Derfor kan også evna partia har til å samarbeide med kvarandre endre seg over tid.


Kjelder

Desse kjeldene er brukte i arbeidet med partiguiden:

  • Partias nettsider
  • Store norske leksikon (snl.no)
  • Valgforskning.no
  • Veljarundersøkinga(SSB)
  • Norgeshistorie.no (UiO)
  • Stortinget.no
  • Valgdirektoratet.no