Gå til innhold
Stortingssalen sett ovenfra. Det er møte i salen, og det sitter folk på plassene
Mange parti er representerte i stortingssalen.
Foto: Stortinget

Partiguide for vaksenopplæringa

På denne sida lærer du om dei ulike politiske partia på Stortinget.
  • VO
  • Fordjuping
  • Oppgåver
  • 45 Min
  • VO

Lærarrettleiing

For å forstå demokratiet vårt, er det viktig å ha oversikt over partia. Her får du som lærer tips til korleis du kan gjennomføre undervisning om desse.

Om opplegget

Denne guiden består av fleire artiklar:

  • Éi innleiing om partisystemet
  • Deretter følgjer éin kort artikkel for kvart parti som er valt inn på Stortinget

Skildringa av partia i denne guiden er veldig kort og skrive i eit enkelt språk. Elevar som har gode nok språkferdigheiter kan derfor ha nytte av å lese om partia andre stader på Stortinget undervisning. 

Her er nokre tips:

Gjennomføring

Vel om elevane skal lese om alle partia, eller gå saman i små grupper og fordjupe seg i eitt av dei.

Nedst på første fane ligg det refleksjonsoppgåver som klassen kan diskutere i plenum eller i mindre grupper.

Korleis fungerar partia?

I eit demokrati er det viktig at det er fleire parti å stemme på. I Noreg har vi i dag ni parti på Stortinget.

Oversikt over partienes andel av de 169 representantene på Stortinget. Rødt: 9, SV: 9, Arbeiderpartiet: 53, Senterpartiet: 9, MDG: 8, KrF: 7, Venstre: 3, Høyre: 24, FrP: 47.
Her ser du korleis fordelinga av representantar på Stortinget blei etter valet i 2025.
Illustrasjon: Stortinget

Alle desse partia er ein viktig del av det norske demokratiet.

Partia kan ha veldig ulike meiningar om korleis problem i samfunnet bør løysast. Når det er val stemmer ein på det partiet ein er mest samd med.

Partia må samarbeide med kvarandre

I Noreg er ingen parti store nok til å bestemme alt heilt sjølv. Etter eit stortingsval, kan anten eitt parti lage regjering åleine, eller fleire kan samarbeide.

Kva parti som samarbeider kan endre seg frå val til val. Det er vanleg å plassere partia anten på venstresida, i sentrum eller på høgresida:

Grafikk som viser partiblokkene på Stortinget. Rødt, SV og Arbeiderpartiet tilhører venstresiden. Senterpartiet, MDG, KrF og Venstre er plassert i sentrum. Høyre og FrP er plassert i høyresiden.
Partia kan plasserast på venstresida, sentrum eller høgresida.
Illustrasjon: Stortinget

Ofte kan partia i sentrum samarbeide med parti anten på venstresida eller høgresida.

Partia jobbar også lokalt

Partia har ofte lokale lag for ulike stader i Noreg. På denne måten kan partia både meine noko om til dømes busstilbodet i Stavanger, og norsk forsvarspolitikk.

Alle som bur i Noreg kan melde seg inn i eit politisk parti. Også dei som ikkje har stemmerett.

Refleksjonsoppgåve politiske parti

Diskuter i par

  • I mange andre land er det færre parti i parlamentet. Kvifor har vi så mange i Noreg, trur du?
  • Kva er fordelar og ulemper med å ha mange politiske parti?
  • Kva parti er størst i kommunen din? Er dette det same som på Stortinget? Bruk din kommunes nettsider til hjelp.
  • Kva for nokre politiske saker knyter de til dei ulike partia?
Partilogoer rundt et spørsmålstegn.