
Kva er eit parti?
Kva gjer eit parti?
Partiet jobbar saman for å få til det dei meiner er best for landet. Det kan handle om skule, helse, veg eller andre ting. Dei må ikkje meine det same om absolutt alt, men dei har mykje til felles.


Kvifor har vi parti?
Noreg er eit demokrati, og i eit demokrati skal det vere fleire parti å stemme på. Folk har ulike meiningar, derfor må vi også ha parti med ulike meiningar. Så kan folk velje kva parti dei er mest samde med.

Korleis velje eit parti?
Det kan vere vanskeleg å velje kva parti du vil stemme på. Kanskje er du samd med fleire? Antakeleg finn du ikkje eitt parti der du er samd i alt. Då er det lurt å tenkje på kva som er det viktigaste for deg.
Foto: Ihne Pedersen
Kva meiner partia?
Alle partia vil ha eit best mogleg land og samfunn. Men dei er usamde om korleis vi skal få det til. For å finne kva parti du er mest samd med, er det ein god start å lese litt om kvart parti.
