Partia på Stortinget
I oversikta under finn du informasjon om dei 10 partia som er representerte på Stortinget.
Kort om parti
I eit demokrati må det finnast fleire alternativ å stemme på.
På Stortinget er det i dag 10 parti. Alle desse ønskjer eit best mogleg samfunn, men dei er usamde om korleis det skal oppnåast.
På same måte som partia, har òg folk ulike meiningar om korleis samfunnet bør vere. Derfor treng vi ulike parti. Til saman kan dei representere folkets meiningar.
Kven skal ein stemme på?
Veldig få finn eit parti som dei er samde med i absolutt alle politiske saker. Dei fleste stemmer på det partiet som ein er mest samde med, i dei sakene ein sjølv synest er viktigast.
Partia samarbeider
Sjølv om partia er usamde i enkeltsaker, kan dei framleis samarbeide og finne ein måte å semjast på.
Kva for nokre politiske saker som er viktigast for partia og veljarane, endrar seg frå val til val.