

Regjeringas oppgåver
Statsministeren er leiaren i regjeringa. Dei andre i regjeringa blir kalla ministrar eller statsrådar. Statsråda har ansvar for ulike oppgåver i samfunnet. Til dømes har kunnskapsministeren ansvar for skulane i Noreg.
Regjeringas viktigaste jobb er å komme med forslag til politikk og å gjennomføre politikk.
1. Foreslå nye lover
Regjeringa foreslår nye lover, men det er Stortingets jobb å vedta lovene. Det betyr at fleire enn halvparten av stortingsrepresentantane må stemme ja til regjeringsforslaget, for at det skal bli ei lov.
2. Foreslå statsbudsjett
Det er regjeringa som foreslår kva pengane til staten skal brukast til. Regjeringa lagar altså eit forslag til statsbudsjett, men fleire enn halvparten av stortingsrepresentantane må stemme ja til forslaget for at det skal bli vedteke.
3. Gjennomføre politikk
Regjeringa skal gjennomføre det Stortinget bestemmer. Regjeringa skal til dømes bruke pengar slik Stortinget har bestemt. Regjeringa skal også passe på at samfunnet blir styrt etter lovene som Stortinget har bestemt.
Om dagens regjering
Jonas Gahr Støre er statsminister i Noreg. I januar 2025 gjekk Senterpartiet ut av regjeringa, og Arbeidarpartiet er åleine i regjering.
Fleirtal
Forslagene frå regjeringa må få fleirtal i Stortinget. For å få fleirtal i Stortinget må forslaga få minst 85 stemmer.
Arbeidarpartiet har 48 stortingsrepresentantar. Det betyr at Arbeidarpartiet ikkje har nok representantar åleine til å få gjennom sine saker. Dei må samarbeide med andre parti.
Mindretalsregjering
Regjeringa Norge har i dag, er ei mindretalsregjering. Det var det også då Senterpartiet var i regjering. Då hadde regjeringspartia 76 representantar på Stortinget, og trong berre støtte frå 9 representantar frå andre parti for å få fleirtal for forslaga sine.
No treng regjeringa støtte frå 37 representantar frå andre parti.
Samarbeid
Det er naturleg at regjeringa går til dei partia dei har mest til felles med, for å få fleirtal for sine saker. Ofte vil det vere Senterpartiet og SV, men i nokre saker kan det vere andre parti.
Til dømes har Senterpartiet og Arbeidarpartiet ulikt syn på EU og EØS-avtalen. Dette var også den viktigaste grunnen til at Senterpartiet gjekk ut av regjeringa.