Gå til innhold/innhald

Noregs konge

Portrettbilde av Kong Harald V. Han har på en blå uniform smykket med medaljer.
Kong Harald.
Foto: Jørgen Gomnæs/Det kongelige hoff

Noregs konge

  • VO
  • Tekst
  • 15 min
  • VO
Noreg er eit monarki. Det betyr at vi har konge som statsoverhovud. Noreg har hatt tre kongar sidan 1905. Kong Harald er konge i dag.

Kongen er Noregs statsoverhovud, men i praksis er det ikkje han som bestemmer i politiske spørsmål. Det er det Stortinget og regjeringa som gjer.

Likevel møter kongen regjeringa ofte. Kvar fredag har dei møte på Slottet. Her blir Kongen informert om arbeidet til regjeringa. Kongen må også skrive under på lover som Stortinget har vedteke.

Kongen kan nekte å skrive under lover Stortinget har vedteke. Men viss Stortinget vedtek den same lova på nytt, gjeld ho sjølv om kongen ikkje skriv under.

Kongen kan altså forseinke ei lovendring, men han kan ikkje stoppe lova. Det er samtidig viktig å vere klar over at kong Harald aldri har sagt nei til noko Stortinget har bestemt!

Kongen går inn hovedinngangen på Stortinget. Dronningen og kronprinser er rett bak.
Foto: Stortinget
Kong Harald leser trontalen i stortingssalen.
Foto: Stortinget

Da kommer han for å åpne Stortinget etter sommeren.

Det er fordi kongen ikkje skal kunne påverke politikken. Kongen blir likevel invitert kvart år i oktober.

Då kjem han for å opne Stortinget etter sommaren.

Trona går i arv

Då Noreg vart eit heilt sjølvstendig land i 1905, og unionen med Sverige vart oppløyst, vart den danske prinsen Carl valt til konge i Noreg. Då han vart norsk konge, fekk han det norske namnet Haakon.

Å vere Noregs konge går i arv. Kong Haakons son, Olav, arva og overtok trona då Haakon døydde.

Kong Olav var far til dagens konge, kong Harald. Kong Haralds son, kronprins Haakon, skal i framtida bli Noregs konge.

I 1990 endra Stortinget Grunnlova slik at også kvinner kan arve trona. I dag kan altså ei kvinne bli monark. Dermed vil det eldste barnet til kronprins Haakon, det vil seie prinsesse Ingrid Alexandra, arve trona etter far sin.

Fotografi av Kong Haakon VII med kronprins Olav i fanget
Kong Haakon vart Noregs konge i 1905. Den to år gamle son hans vart då kronprins.
Foto: Nasjonalbiblioteket