Sjølv om det formelt er kongen som peikar ut statsministeren etter eit val, gjer han det basert på resultatet av stortingsvalet. Det eller dei partia med størst høve til å få fleirtal for politikken sin i Stortinget, dannar regjering.
Dette er eit døme på at makta til kongen i Noreg er avgrensa. Kongen respekterer folkeviljen når han peikar ut ein statsminister.
Det er dette som blir kalla parlamentarisme: Regjeringa blir utpeika med utgangspunkt i stortingsfleirtalet.
Kongen skriv under på lovene
Kongen har ofte møte med regjeringa. Nesten kvar fredag klokka 11 blir eit møte halde på slottet som blir kalla «Kongen i statsråd».
Her fortel regjeringa kongen om saker dei jobbar med. Dei har også med seg lover som Stortinget har vedteke. Desse må kongen underskriva før regjeringa kan gjennomføra lovene.