Kva er forskjellen på Storting og regjering?
I Noreg har me maktfordeling. Dette er eit viktig demokratisk prinsipp, som forhindrar at all makt i samfunnet samlast på éin stad. I Noreg blir delt makta mellom den lovgivande makta på Stortinget, den utøvande makta i regjeringa og den dømmande makta hos domstolane.
I praksis betyr dette at Stortinget og regjeringa har ulike oppgåver når det gjeld å styra landet politisk.
Kven gjer kva?
Dei viktigaste verktøya politikarane har for å skapa politisk endring, er lover og statsbudsjettet. Regjeringa foreslår både lovendringar og statsbudsjett. Stortinget vurderer forslaga, og avgjer om dei skal vedtakast eller ikkje.
Når Stortinget har vedteke ei lovendring eller statsbudsjettet, skal regjeringa sørgja for at denne politikken blir verkeleggjord. Det er det som meiner ein med at regjeringa er den utøvande makta: dei skal gjennomføra den politikken Stortinget har bestemt.
Stortinget kontrollerer
I tillegg til å vedta lover og statsbudsjett, har Stortinget i oppgåve å kontrollera regjeringa. Stortinget skal med andre ord passa på at regjeringa faktisk gjer det Stortinget har bestemt.
Denne kontrollen skjer på ei rekkje måtar, mellom anna ved at medlemmer av regjeringa kjem til Stortinget for å svara på kritiske spørsmål frå opposisjonen på Stortinget.
Viss Stortinget meiner at nokon frå regjeringa har gjort ein alvorleg feil, kan dei faktisk gi regjeringa sparken, gjennom eit mistillitsforslag. Då stemmer dei over om dei meiner ein kan ha tillit til statsråden det gjeld. Dersom fleirtalet ikkje lenger har tillit, må statsråden gå av.
Regjeringa styrer departementa
Stortinget består av 169 representantar, medan regjeringa normalt har rundt 20 statsrådar. Statsråda blir også kalla for ministrar, som til dømes kunnskapsminister, justisminister eller statsminister.
Sjølv om statsrådane ofte kjem til Stortinget for å delta i debattar, har dei ikkje kontora sine der.
Statsrådenes arbeidsplass er i departementene. Hvert departement har ansvaret for et fagområde, som for eksempel utdanning, forsvar, eller helse- og omsorg. Hvert departement har enten én eller to statsråder som øverste ansvarlige.
I departementene jobber det til sammen ca. 4500 mennesker. Disse skal forberede forslagene til statsbudsjett og lover som regjeringen kommer med, og iverksette Stortingets vedtak.