Korleis er makta delt i Noreg?
Du har heilt sikkert høyrt om dei tre statsmaktene: Stortinget, regjeringa og domstolane. Men kva gjer dei eigentleg?
Makta er delt
Maktfordeling betyr rett og slett at makta er delt.
Kvifor har vi maktfordeling?
Maktfordeling er noko av det viktigaste i eit demokrati. Det sørgjer nemleg for at ein person eller ei gruppe ikkje kan bestemme alt. Dersom berre éin person eller ei lita gruppe menneske gjer alt – bestemmer lovene, styrer landet og straffar – er det ikkje demokratisk.
Dette er så viktig at maktfordelingsprinsippet står skrive i Grunnlova.
I Noreg er makta delt i tre:
- Stortinget
- regjeringa
- domstolane