Gå til innhold/innhald
20 mennesker står oppstilt.
Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

Kva gjer regjeringa?

Regjeringa består av statsministeren og andre ministrar. Statsministeren er leiar for regjeringa.
  • 5.-7.
  • tekst
  • quiz
  • 15 min
  • 5.–7.

Regjeringa styrer landet

Jobben til regjeringa er å styre landet. Vi kallar derfor regjeringa for den utøvande makta. Å utøve er det same som å gjere eller gjennomføre noko.

Regjeringa kjem mellom anna med forslag til Stortinget om nye lover. Så er det Stortinget som avgjer om det skal bli noko av lova eller ikkje.

En mann leverer et ark til stortingspresidenten i stortingssalen.
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård leverer eit forslag til Stortinget.
Foto: Stortinget

Korleis styre regjeringa landa?

Når regjeringa styrer landet bruker dei lovene som Stortinget har bestemt.

Viss Stortinget bestemmer at alle barn skal ha meir gym på skulen, må regjeringa sørgje for at det er nok gymlærere og gymsalar. 

Regjeringa skal sørgje for at det blir sett opp skilt med fartsgrenser på vegane og at politiet stoppar folk som køyrer for fort.

Korleis får vi ei regjering?

Når det er stortingsval, er mange spente på kor mange stemmer partia får. Partia som får flest stemmer, får nemleg flest folk inn på Stortinget. Så er det Stortinget som bestemmer kva parti som skal sitje i regjering.

Infografikk som forklarer parlamentarisme. Tre polaroidbilder av ei valurne, stortingssalen og regjeringa. Piler går frå "stortingsval" til "Stortinget", og vidare til "regjeringa".
I Noreg har me parlamentarisme. Det betyr at regjeringa "kjem" frå Stortinget.
Illustrasjon: Stortinget

Regjeringa i dag

Fleire parti kan samarbeide og lage ei regjering saman. I dag er det berre Arbeidarpartiet som sit i regjering. Du veit kanskje at Jonas Gahr Støre frå Arbeidarpartiet er statsminister i Noreg?

I regjeringa sit statsministeren og 18 andre, som blir kalla statsrådar eller ministrar. Desse har kvar sine ansvarsområder.

En kvinne smiler i stortingssalen.
Kari Nessa Nordtun er Kunnskapsminister. Ho har mellom anna ansvaret for skular og barnehagar.
Foto: Stortinget
En kvinne står på en talerstol.
Tonje Brenna er arbeids- og inkluderingsminister.
Foto: Simen Gald / Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Til dømes har kunnskapsministeren ansvar for skulane og arbeidsministeren ansvar for arbeidsmiljøet.

Regjeringa har ikkje kontor på Stortinget

Stortinget og regjeringa er altså to ulike ting. Regjeringa har kontor i departementa, og ikkje på Stortinget. Men dei er ofte på besøk. Då deltek dei i stortingsmøta for å fortelje kva dei arbeider med og svare på spørsmål frå stortingsrepresentantane.

En mann sitter ved et skrivebord. En journalist intervjuer han.
Klima og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen på kontoret sitt.
Foto: Martin Lerberg Fossum (KLD)

Kva gjer regjeringa?

1 / 6
En mann gir blomster til en annen mann.
Foto: Departementenes digitaliseringsorganisasjon