Skriv ei forteljing
Lag ei forteljing om eit barn som levde då ei av lovene frå filmen vart vedteke. Du vel sjølv kva historia skal handle om.
Fekk barnet ein annleis kvardag eller eit annleis liv etter at den nye lova kom?
Velj ei lov
I filmen vart du kjent med fem lover. Velj ei lov du har lyst til å jobbe vidare med:
- Folkeskulelova (1889)
- Fabrikktilsynslova (1892)
- Dei Castbergske barnelover (1915)
- Lov om barnetrygd (1946)
- Lov om barneombod (1981)
Tips!
Før du går i gang, er det lurt å lage ein disposisjon. Ein disposisjon er nokre ord eller setningar som gjev ei kort beskriving av kva forteljinga skal handle om.
Hugs at ei forteljing blir delt i tre delar: innleiing, hovuddel og avslutning.
- Innleiinga skal gjere lesaren nysgjerrig. Ho skal seie litt om kva som kjem seinare, i hovuddelen.
- Hovuddelen er den største delen av ei forteljing. Her går du grundig inn på kva forteljinga handlar om.
- Avslutninga kan vere ei slags oppsummering av forteljinga.