Gå til innhold/innhald
Samer demonstrerer mot utbygging i reindriftsområde.
Demonstrasjonar i Masi i 1970, mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget.
Foto: Vidar Knai/NTB

Naturressursar i reindriftsområde

Utvinning av naturressursar er ei viktig inntektskjelde for staten. Men kva dersom utvinning av desse ressursane gjer at dei som bur der, må endre levemåten sin?

Les utdraget frå Sannings- og forsoningskommisjonens rapport til Stortinget, omsett til nynorsk:

"Utbygginga av vindkraftanlegg er i dag kanskje den forma for inngrep som får mest merksemd. Vindkraftindustrien utgjer ofte eit drastisk inngrep i samiske bruksområde.

Slike anlegg legg gjerne beslag på dei same høgtliggjande områda som er nødvendige for reinen, og inneber i tillegg bygging av ei rekke anleggsvegar som øydelegg beite.

Det ligg i dag føre omfattande planar for vidare vindkraftutbygging i reindriftsområde, og det eksisterer ingen nasjonal plan for slike prosjekt som varetek interessene til reindrifta.

Årsaka til den sterke auken i talet på vindkraftprosjekt var ønsket om eit grønt skifte og det aukande energibehovet.

Dette er med på å skape press på reinbeiteområda og dermed på livsgrunnlaget for mange reindriftssamar." S. 543-544.

Utdraget er korta ned og omformulert til eit enklare språk. Klikk her for å lese heile rapporten (PDF blir opna i ny fane).

Refleksjonsoppgåver

Gå saman i par og svar på spørsmåla. Reflekter saman og skriv ned svara.

  • Meiner de at utbygging av vind- og vasskraftverk er eksempel på fornorsking? Kvifor/ikkje?
  • Fosen-saka er for mange den mest kjende saka der staten har bygd anlegg på reindriftsområda til samar for å utnytte naturressursar. Kva meiner de regjeringa burde gjere med desse vindturbinane?
  • Forklar kva som er meint med påstanden: «Utbygging av vind- og vasskraftverk får tydeleg fram spenninga mellom omsynet til klima, miljø og samar.» 
  • Finst det andre eksempel enn Fosen-saka? Bruk internett eller andre kjelder og undersøk. Noter undervegs og samanlikne dei to sakene. Hugs å oppgje kjelder!