Gå til innhold/innhald
Ein same på Nordlysstasjonen i Kautokeino i 1882.

Tenk om staten ikkje ville at du skulle vere deg?

Kva gjer deg til deg? Korleis ville det ha vore dersom nokon tvinga deg til å gje slepp på ein del av identiteten din? Og kva om dei som tvinga deg, var Stortinget?
  • 8.–10.
  • Oppgåver
  • Tekst
  • 90 min
  • 8.-10.

Tenk om staten ikkje ville at du skulle vere deg! – lærarrettleiing

Norske myndigheiter førte lenge ein målretta fornorskingspolitikk overfor samar, norskfinnar/kvenar og skogfinnar. Kva innebar den politikken? Og kva slags konsekvensar har det fått?

Om opplegget 

Dette undervisningsopplegget tek utgangspunkt i rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen som vart levert til Stortinget 1. juni 2023. 

Opplegget inneheld utdrag frå rapporten som handlar om følgjande tema: 

  1. fornorsking gjennom språk 
  2. å setje bort barn 
  3. kampen om naturressursar 

Gjennomføring 

Her er eit forslag til korleis opplegget kan gjennomførast i klasserommet: 

Start med å la elevane sjølve reflektere rundt sin eigen identitet, først i par og deretter felles i klasserommet. Ingressen på framsida kan brukast til dette. 

I grupper på to-tre jobbar elevane med éi av dei tre temasidene nedst. Ved å lese utdraga frå rapporten skal dei reflektere rundt formålet med og konsekvensane av fornorskingspolitikken. 

Gå gjennom svara frå gruppene i fellesskap på slutten av timen. 

Stortinget ville fornorske urfolk og minoritetar 

Frå 1852 vedtok norske myndigheiter, med Stortinget i spissen, mykje som tvinga urfolk og andre minoritetar til å bli meir «norske». 

Samar, norskfinnar/kvenar og skogfinnar vart alle ramma av det som i dag blir kalla fornorskingspolitikk. Ein del av identiteten deira vart stolen frå dei.  

Grunnen til at staten gjorde det, var at dei ville byggje ein norsk nasjon. Dei ville at alle skulle snakke det same språket, dele den same kulturen og ha like verdiar. 

To samiske jenter, portrett tatt ca. 1882.
Anna Aslaksdatter Gaup og Anna Johnsdatter Somby, bildet teke ca. 1882.
Foto: Sophus Tromholt/UiB

Fornorskingspolitikken blir granska  

I 2017 bestemte Stortinget at konsekvensane av fornorskingspolitikken skulle undersøkjast. Stortinget ønskte også å få forslag til tiltak for forsoning mellom den samiske befolkninga og staten. 

Ei gruppe på 17 menneske fekk oppdraget, og dei fekk namnet Sannings- og forsoningskommisjonen. 1. juni 2023 leverte dei ein rapport til Stortinget på til saman 750 sider. 

Kva fann dei ut? 

Fornorskingspolitikken varte i mange år. Konsekvensane for minoritetar og urfolk i Noreg var enorme. 

Rapporten fortel om mange alvorlege eksempel på korleis Stortinget tvinga urfolk og minoritetar til å gje slepp på identiteten sin. Alt frå skolegang, religion, bustad og naturressursar vart teke opp.  

Rapporten framhevar også at diskriminering mot desse gruppene framleis skjer, og at mange i Noreg har fordomar mot samar og andre minoritetar. 

Blant anna skulle all undervisning på skolen vere på norsk, ikkje samisk. Dette har ført til at fleire samiske språk nesten er utrydda. 

Oppgåver om fornorskingspolitikken 

Under finn du tre oppgåvesett om ulike delar av fornorskingspolitikken. Gå saman i par og vel éi av dei.