Kunst som politikk: del 2
Kreativ oppgåve
No skal du lage din eigen fotomontasje/fotokollasj.
Det betyr å lage eit bilde som er sett saman av mindre utklipp. Utklippa kan vere bilde/fotografi eller andre ting, som for eksempel tekstilar.
Tema
Vel eit eller fleire tema du er oppteken av. Korleis kan du fortelje andre kva du meiner gjennom din eigen kunst?
Du kan bruke ulike former, fasongar og fargar. Kanskje du vil ha tekstilar som kjennest ulike når du tek på det? For eksempel mjuke, glatte, ru eller hårete? Eller utklipp fra ulike blad og aviser? Bruk fantasien!
Lykke til!
Bilde til inspirasjon
Foto: Alexander Grey/Pexels