Gå til innhold/innhald
Illustrasjon: Stortinget

Gjer eit intervju

I denne oppgåva skal du undersøkje korleis det var å vere barn før. Kven har du lyst til å intervjue?

Kva er eit intervju? 

Et intervju er ein samtale der du stiller spørsmål og får svar. Målet med eit intervju er å få informasjon. Du kan intervjue ein eller fleire samtidig.  

Kven skal du intervjue? 

Start med å bestemme deg for kva du har lyst til å finne ut av. Kven bør du intervjue for å få den informasjonen?  

Still gode spørsmål 

Førebu spørsmål som inviterer den du skal intervjue, til å fortelje. Om du stiller mange ja- og nei-spørsmål, får du ikkje like mykje informasjon. 

I staden for å seie "Var det fint å vekse opp på 1950-talet?", kan du seie "Kan du fortelje litt om korleis det var å vekse opp på 1950-talet?" 

Førebuingar 

Planlegg korleis du har tenkt til å ta vare på svara du får. Vil du notere undervegs, eller vil du ta opp intervjuet på lyd eller film? Det er lurt å spørje den du skal intervjue, om det er greitt dersom du vil filme eller ta opp lyden. Hugs å ta med alt utstyr. 

Gå tilbake til startsida