Fornorsking gjennom språk
Les utdraget frå Sannings- og forsoningskommisjonens rapport til Stortinget, omsett til nynorsk:
I 1848 vedtok Stortinget å undersøkje om det var mogleg å starte med opplæring i norsk for samane. Dette vart følgt opp i 1851 og 1853.
I tillegg begynte Stortinget å gje pengar over statsbudsjettet til Finnefondet for å styrkje kjennskapen til det norske språket blant lappar/samar og kvenar.
Stortingsvedtaket innebar å styrkje norskundervisninga i det som vart omtalt som overgangsdistrikt, det vil seie område der det vart sett på som mogleg å fremje kjennskapen til norsk språk.
Fram til då hadde samisk vore brukt som undervisningsspråk i skolen for dei fleste samiskspråklege barna frå Tysfjord og nordover. S. 192.
Utdraget er korta ned og omformulert til eit enklare språk. Klikk her for å lese heile rapporten (PDF blir opna i ny fane).
Refleksjonsoppgåver
Gå saman i par og svar på spørsmåla. Reflekter saman og skriv ned svara dykkar.
- Kvifor trur de myndigheitene ønskte å fornorske samane og andre minoritetar i Noreg på denne tida?
- Kvifor var språket ein viktig del av fornorskingspolitikken?
- Sjå for dykk at de ikkje fekk lov til å snakke morsmålet dykkar, men vart tvinga til å lære, og bruke, eit anna språk. Kva hadde dette gjort med identiteten dykkar?
- I dag har ein rett på undervisning på samisk og kvensk. Likevel får mange undervisning berre på norsk på grunn av manglande ressursar på skolane. Diskuter påstanden: «Fornorsking i skolen skjer framleis.»