Gå til innhold/innhald
Emilie Enger Mehl svarer på spørsmål under spørretimen.
Foto: Stortinget

Stortinget kontrollerer regjeringa

Stortinget følgjer med på regjeringa og stiller ofte spørsmål om kva dei gjer.

Ei av dei viktigaste oppåvene til Stortinget er å følgje med på regjeringa. Vi seier at Stortinget kontrollerer regjeringa.

Kva gjer regjeringa?

Når Stortinget har bestemt noko, er det jobben til regjeringa å gjennomføre det. Statsministeren er leiaren for regjeringa. 

La oss finne på eit døme: Stortinget bestemmer at alle barn skal ha ein ekstra skuletime med kroppsøving i veka. 

Då er det regjeringa som skal sørgje for at det skjer. Det må leggjast til rette for dette på skulane. 

Kanskje trengst det fleire gymsalar og fleire kroppsøvingslærarar? 

Stortinget følgjer med

Så følgjer stortingsrepresentantane med på kva regjeringa gjer, og kontrollerer at det blir slik Stortinget har bestemt. 

Kvar veke stiller stortingsrepresentantane spørsmål til regjeringa. Dei lurer ofte på kva regjeringa har tenkt å gjere med forskjellige saker. 

Det kan komme spørsmål om gamle skulebygningar, straumprisar, krig i andre land og mykje anna. 

Stortinget kan også kalle inn regjeringa til ei høyring. Det skjer dersom dei vil undersøkje ei enkeltsak nærmare og prøve å finne ut kva som eigentleg har skjedd. 

I ei høyring vil Stortinget høyre kva regjeringa har å seie om saka. Det betyr at det i ei høyring er spørsmål og svar. 

Bilde fra debatt i Stortinget. En representant sier i en snakkeboble: "Vi på Stortinget har laget en ny lov". Statsministeren svarer "Javel, da får vi i regjeringen gjennomføre den."
Foto: Stortinget

Diskusjonsoppgåve

  1. Kvifor er det viktig med kontroll?
  2. Kva kan skje viss ingen kontrollerer eller passar på?

Tilbake til startsida